llapost

Nye endringar og nye kampar om avisdistribusjonen

Samtidig som problema med laurdagsomdelinga held fram for mange aviser, har Stortinget i dag behandla ei anna viktig postsak som gjeld enda fleire lokalaviser: Posten, og dermed også avisene, skal fortsatt fram måndag til og med fredag. Stortingsfleirtalet er også klare på at laurdagsdistribusjonen må sikrast.

llapost

LLA-leiinga i samtale sist veke med Arild Grande i kulturkomiteen og saksordførar Kjell-Idar Juvik i transportkomiteen på Stortinget. Frå høgre LLAs styreleiar Roar V. Osmundsen, nestleiar Tomas Bruvik, generalsekretær Rune Hetland, Kjell-Idar Juvik og Arild Grande Foto: Sivert Rossing, Trønder-Avisa.

– Problema med laurdagsomdelinga og dei andre mulige endringane i postsystemet i Norge har gjort denne hausten til ei svært krevjande tid. Heldigvis har eit fleirtal i Stortinget i dag sikra god avisomdeling gjennom Posten frå måndagane til fredagane, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Det var eit nytt forslag frå Samferdselsdepartementet som i praksis opna for at Posten kunne gå med posten sjeldnare enn kvar dag. Dette ville i så fall vere dramatisk for avisene – men tysdag har eit fleirtal på Stortinget avvist forslaget. Rett nok vil A- og B-post bli slått saman, men då med krav om at mellom anna aviser først skal sikrast eit godt alternativ. Dessutan: Klok av skade med laurdagsdistribusjonen har Stortingsfleirtalet forankra krava i punktvise vedtak, noko som i politiske ordelag er endå meir forpliktande enn ein fleirtalsmerknad.

Det er saksordførar Kjell-Idar Juvik i Arbeidarpartiet som har fronta saka. Juvik har fått gode innspel frå avisbransjen under vegs og han har samla støtte frå Ap, SV, SP, KrF og Venstre i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Dermed er forslaget sikra fleirtal i Stortinget og kravet om fem utleveringsdagar blir slått fast. Endringar på dette kan berre gjerast av Stortinget. Alle partia står også bak ein merknad om å sikre god laurdagsomdeling av aviser.

– Eg er letta over at det er blitt fleirtal for eit forslag som sikrar god avisomdeling gjennom Posten fem dagar i veka, men dessverre må vi rekna med nye kampar med jamne mellomrom. I lys av at postvolumet går ned, trengst det derfor ei ny politisk haldning der Posten blir handsama som vanleg infrastruktur til beste for innbyggjarane. Posten kan ikkje vere ei bedrift som skal generere overskot til statskassen, seier LLAs generalsekretær Rune Hetland. Enn så lenge gler han seg i det minste over at post og aviser skal fram til folk med Posten måndag til og med fredag.

LLA og MBL, kvar for seg og saman, har arbeidd knallhardt inn mot parti og enkeltrepresentantar for å få fleirtal for det som synest vere ei god løysing for avisdistribusjon gjennom Posten frå mandag til og med fredag. Seinast i forrige veke var LLAs styreleiar Roar V. Osmundsen og nestleiar Tomas Bruvik saman med Hetland på Stortinget for snakke om lokalavisenes utfordringar. Der møtte LLA-trioen mellom anna Kjell-Idar Juvik og Arild Grande (Ap) for å snakke om laurdagsdistribusjon og framtidig postomdeling. Fire veker tidlegare var LLA i offentleg høyring i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget (bildet under).

LLA på høring i Transportkomiteen

– Vi i LLA er jo også uroa over postfly som blir sett på bakken og endringar av terminalstrukturen. Posten vil redusera frå ni til tre terminalar, seier Hetland til LLA-weben.

Avisbransjen sitt postutval møtte derfor også Posten sist veke – for å diskutere både kortsiktige og langsiktige problemstillingar for avisene.

– Der opplevde vi positiv vilje til å finne gode løysingar, både når det gjeld ilegging av aviser i postboksar på laurdagar, og når det gjeld innlevering av aviser etter at det blir færre terminalar, sannsynlegvis om eitt års tid. For avisbransjen er det viktig å få gode løysingar på plass tidleg – og få til eit godt samarbeid når det gjeld innlevering av avisene våre, legg Rune Hetland til.

I Postutvalget tok LLA også opp problemstillinga med minstegrensa på 500 eksemplar. I dag blir avisene fakturert for 500 eksemplar per utgåve, sjølv om ei avis sender færre eksemplar med Posten. Dette problemet er blitt ekstra stort for dei avisene som har laurdagsutgåver. Vi bad derfor om at minstegrensa blir oppheva. Posten lova å vurdera dette og vil kome med ei tilbakemelding så snart som muleg.

Problema med laurdagsomdelinga av avisene er framleis svært store. Rapportane tyder på at det er blitt litt bedre siste veka, men framleis er det svært mange abonnentar som ikkje får laurdagsavisa si.

I eit møte i Oslo sist veke lova samferdselsminister Ketil Solvik Olsen å stille krav om at Kvikkas no leverer som forventa. Både Arild Grande (AP) frå opposisjonen og Geir Jørgen Bekkevold (KrF) og Iselin Nybø (V) frå mellompartia uttrykte seg også tydeleg om at samferdselsdepartementet no må syte for at avisene og lesarane får den laurdagsomdelinga som dei skal ha.

I Klassekampen blir det til og med stilt stilt spørsmål om Samferdselsdepartementet bør vurdere å sparke Kvikkas frå oppdraget.

– Dessverre er problemet større enn berre kvaliteten til Kvikkas si levering: Eit stort volum av laurdagsaviser er verken omfatta av anbudet til Kvikkas eller av avisene sine eigne distribusjonsselskap. Distribusjonsselskapa har utvida sitt område – og Kvikkas har også tatt noko meir – men vi krev no at Samferdselsdepartementet tar tydelegare ansvar for det som vi meiner er manglar i anbudsdokumenta. Krava frå Stortinget var tydelege nok, avslutter Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.

Les meir her:

Krever kvikk avisløsning (Klassekampen)

Kan gi Kvikkas fyken (Klassekampen)

Lørdagsaviskaoset: – Solvik-Olsen må rydde opp (NTB og Nationen)

Stortingsbehandlinga om posten (Stortinget.no

For eventuelle kommentarar om laurdagsdistribusjon og postomdeling:

Rune Hetland, generalsekretær i LLA, dir. tlf. 452 89 444 eller rune()lla.no