Nullmomsen på veg

I dag har regjeringa sendt søknaden om fritak for moms på elektroniske nyhendetenester. Dersom alt går som det skal, er det nullmoms på nyhende på papir og nett frå 1. mars.

RuneHetlandLLAweb

Ei viktig sak for lokalavisene og resten av mediebransjen er eitt stort skritt nærare ei løysing: I dag har Finansdepartementet sendt den formelle søknaden til ESA om at det i Norge bør vere fritak for moms på elektroniske nyhendetenester. Regjeringa har i lengre tid jobba med søknaden og trur at den vil få ei rask avklaring i Brussel. Momsfritaket vil vonaleg bli innført alt frå 1. mars neste år.

Landslaget for lokalaviser (LLA) har heile tida vore svært tydeleg på at det må vere fullstendig fritak for moms på nyhendeformidlinga, uansett om nyhendene kjem på papir eller elektroniske flater. LLA har frå første stund, og heile tida, stått beinhardt på dette prinsippet. No ser det ut som at heile mediebransjen snart kan glede seg over ei løysing. LLAs generalsekretær Rune Hetland (bildet over) kommenterer dagens søknad slik:

– Dette er ein god dag for landets aviser. Eg må vedgå at det har vore litt bekymring over at tida har gått. Eg er difor svært letta over at regjeringa no har sendt avgarde nullmomsen til godkjenning i ESA. Vi ser fram til ei endeleg godkjenning, noko som vil ha mykje å seia for den digitale satsinga i lokalavisene, seier Hetland. 

Regjeringa vil knytte momsfritaket til medier som har ei brei dekning av nyhende- og aktualitetsstoff retta mot allmennheten.

Dette betyr mellom anna at lokalaviser som legg ut mykje av det samme stoffet på nett og mobil som står på trykk i papiravisa, vil få eit langt enklare momsregime å forholde seg til neste år. Viktigst er dette prinsippet for lesarane og innbyggjarane i Norge; dei skal i framtida ikkje betale moms for redaksjonelt innhald, uansett om nyhendene kjem på papir eller gjennom elektroniske nyhendemedier.

– Vi vil likebehandle nyheter på papir og i elektronisk form, og fremme nyhetsformidling og samfunnsdebatt. Det bør derfor være nullmoms uavhengig av hvilken teknologi som benyttes for å formidle dette innholdet, seier finansminister Siv Jensen i ei pressemelding.

Kulturminister Thorhild Widvey kommenterer søknaden slik:

– Når vi nå fjerner dette hinderet sørger regjeringen for at mediebransjen kan utvikle og tilby fremtidsrettede medieprodukter til brukerne, uavhengig av plattform, sier kulturminister Widvey (bildet under).

Du kan lese heile pressemeldinga, og notifikasjonen, på Kulturdepartementet sine nettsider.

Du finn også meir om saka hos Medier24.com og Journalisten.no.

For ytterlegare kommentarar frå Landslaget for lokalaviser:

Generalsekretær Rune Hetland, LLA, dir. tlf. 452 89 444, rune()lla.no

Widvey

Kulturminister Thorhild Widvey. Foto: Ilja C. Hendel