NRK_LLA_horing

Må ha betalt for journalistikken

Dei som står bak originaljournalistikken må få betalt for arbeidet. Dette var blant poenga til LLA då vi torsdag deltok i open høyring om NRKs framtid.

NRK_LLA_horing

Det var familie- og kulturkomiteen som torsdag inviterte medieorganisasjonane og andre til open høyring på Stortinget – om allmennkringkasting og mediemangfald. Frå Landslaget for lokalaviser deltok generalsekretær Rune Hetland.  Mellom anna minna vi komiteleiar Svein Harberg og resten av kulturkomiteen om at den som står bak journalistikken også må ha inntektene:

– Det er mange utfordringar etter kvart som digitaliseringa rullar over oss. Kven eig nyheitene, og kven skal ha betalt for arbeidet med å hente dei fram? Korleis skal dei som lagar originaljournalistikken vere dei som får lesar- og annonseinntektene knytt til kostnaden med få fram god journalistikk, sa Rune Hetland i LLA. Han gler seg over at NRK skjerpar reglane for nettopp sitat frå andre medier:

– Kvar ligg løysinga i tilhøvet mellom lokalavisene og NRK? Kanskje kan mediebransjen og NRK setja seg ned saman, konkretisere og kvantifisere problema, og lage kjøreregler. Det er positivt at NRK nå lagar nye, strengare reglar for sitat frå andre medier. Det er viktig, men må ikkje vere eit blaff.

– NRK må ikkje øydeleggje ei av dei viktigaste kjeldene dei sjølv ausar av, men leggje til rette for samarbeid som kan styrke journalistikken samla sett. Det er heilt sikkert muleg å finna område der NRK og lokalavisene kan samarbeide, til dømes i samband med val og større hendingar.

– Lokalavisene bør også få tilgang til innhald produsert av NRK, som trass i alt er finansiert av oss alle, dvs. via lisensen. På same måte må alt arkivmateriale gjerast lett tilgjengeleg for andre medier, sa Hetland og LLA i Stortinget.

Heile innlegget til LLA, i word-format, kan du laste ned her:

NRK høyring LLAs innlegg

For ytterlegare kommentarar:

Rune Hetland, LLA, dir. tlf. 452 89 444 eller rune()lla.no

Heile høyringa i kulturkomiteen kan du få i reprise på Stortinget sine nettsider. Trykk her for tv-sendinga.