Lyspunkt og skuffelser i avisbransjen

Det har knapt vore like mange aviser i Norge som i dag. Dessutan auka i fjor 46 av fådagarsavisene opplaget sitt og over 20 av desse lokalavisene satte ny opplagsrekord. Dette er blant lyspunkta som avisforskar Sigurd Høst fortel om i Avisåret 2013. Høst sin årlege statusrapport er ferdig i desse dagar, og er spennande og nyttig lesing for alle som bryr seg om avisbransjen.

Mange lokalaviser har nokså stabile opplagstall, men den generelle opplagstrenden er tydeleg nok i den siste avisrapporten; opplaget peikar nedover. Den utviklinga ser også ut til å gjelda for lokalaviser som har halde på i mange år.

– Enkelte aviser sin framgong er likevel ei påminning om at små lokalaviser framleis kan gjera mykje for å styrka posisjonen sin, skriv Sigurd Høst i Avisåret.

Høst går grundig til verks i omtalen av avisrikets tilstand. Både antall aviser, opplag, utgjevarstader, nettpublisering og digital brukarbetaling er grundig omtalt. Rapporten byr også på ei spennande gjennomgang av ulike digitale strategiar og ikkje minst ei oppsummering av korleis det har gått med avisene si nettsatsing – så langt.

Professoren er også innom pressestøtta:

– Etter at lokalavisene som kjem ut få dagar i veka kom med i pressestøtteordninga, har desse klart seg godt. Avisene har vore gjennom ei imponerande redaksjonell utvikling.

– Utan støtte, eller med redusert støtte, ville vi hatt færre lokale fådagarsaviser enn i dag. Dei som er så små at dei får støtte, ville hatt dårlegare kvalitet, skriv Høst.

Avisåret er utgitt av Høgskulen i Volda og kan hentast på skulen sine nettsider. Anbefales!

 

AvisaaretSigurd2

Sjølv om det er nok av utfordringar i avisbransjen, kan Sigurd Høst også gleda seg over at mange lokalaviser klarer seg godt. Her med Suldalsposten, som LLA nyleg kåra til årets lokalavis.