– Går utover lokalavisjournalistikken

Kulturministeren foreslår i eit høyringsbrev å kutte produksjonsstøtta til lokalaviser med mellom 4000 – 6000 i opplag. Kulturdepartementet viser til at denne avisgruppa jamt over har god økonomi, men vedgår at nokre aviser vil få problem utan støtta.

Generalsekretær Rune Hetland i LLA kommenterer forslaget slik:

– Dersom dette blir gjennomført vil det måtte gå utover journalistikken, og det midt i ei krevjande tid der avisene sine inntekter frå lesarar og annonsørar er under press. Samstundes skal avisene bruke ressursar på å knekke koden for inntekter på den digitale publiseringa. Til alt overmål ligg endringar i produksjonstilskotet frå 2014 nå til godkjenning i ESA. Her blir det lagt opp til å avgrense støtta til dei som har så god økonomi at dei klarer seg utan. Vi forstår ikkje kvifor ikkje regjeringa kan la dette virke før ein gjer nye endringar, seier Rune Hetland i LLA. Han reagerer ekstra på at det blir lagt opp til at endringane skal gjelde frå 2014.

– Det vil vera ein respektlaus måte å behandle avisbedrifter på at dei får avklart rammevilkåra først langt inne i driftsåret, seier Hetland som peikar på at det er store variasjonar i økonomien:

– Det er heilt rett at mange vil klare seg greitt utan støtta, men det er også fleire som vil få store vanskar fort, og fleire som vil slite. Det må vera lov å ha økonomisk solide aviser som kan vera sterke stemmer i og frå sine lokalsamfunn. Dei bør ikkje straffast for å drive godt.

Hetland lovar at LLA skal vera aktive i prosessen vidare for å hindra at kuttet blir gjennomført. 

I deparetmentet sitt høyringsbrev er det ellers foreslått eit tak på produksjonsstøtta, og Medietilsynet får begrensingar på kva dei kan fråvika frå forskriftene sine bestemmelser.

Les meir om LLAs uttale, mellom anna i Nationen og Klassekampen

 

Kulturdepartementet sitt høyringsnotat finn du her.