Tilsyn anninnt

Lokalavisene ein attraktiv mediekanal

Lokalavisene klarer seg bra i eit tøft reklamemarked – og det er papiravisene som framleis er desidert viktigaste kanal. Det viser Medietilsynet sin ferske rapport om avisøkonomien.

Medietilsynet har analysert avisene sin økonomi dei siste fem åra og i sin nye rapport er tallenes tale nokså klare: Lokalaviser som kjem ut få dagar i veka klarer seg brukbart i reklamemarkedet. Medan ein del større aviser slit med å halda oppe annonseinntektene frå det eine året til det andre, står dei superlokale avisene framleis sterkt hos lokale annonsørar.

Økonomirapporten viser også at dei digitale inntektene til avisene fortsatt er veldig lave. Medan løssalgsavisene sine digitale inntekter etter kvart utgjer ein stor andel, er det fortsatt inntektene frå papiravisene som er livsgrunnlaget for resten av avisnorge og då særleg lokalavisene. Tom Thoresen, direktør i Medietilsynet, kommenterer tala slik på egne nettsider: 

– Det er minst like viktig for mediemangfoldet at man klarer å beholde inntekten på papir som å øke de digitale inntektene. 

– For det store flertallet av avisene vil det å sikre at papiravisa er attraktiv for annonsørene være minst like viktig som å skaffe flere inntekter fra nettutgavene, seier Thoresen.

I Landslaget for lokalaviser (LLA) er vi glade for at historiske tal viser at lokalavisene er ein attraktiv mediekanal i reklamemarkedet. I ei tid der kostnadane aukar og reklamemarkedet strammar seg til, er det likevel enda meir interessant å sjå på korleis lokalavisene kan bli meir nyttige for lokale annonsørar, mediebyrå og nasjonale kjeder i åra frametter. Eigne undersøkelser viser dessutan at mange aviser no må arbeida ekstra hardt for å halda oppe annonsevolumet – og at annonseprisane er under press.

– Lokalavisene er heldigvis ein svært attraktiv mediekanal for lokale annonsørar og handelskjeder, men fortsatt gjer ingenting seg sjølv. Saman med kundane våre har LLA derfor no starta eit markedsprosjekt som venteleg skal bidra til å gjera lokalavisene enda meir synlege og nyttige blant annonsørane, seier markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus i Landslaget for lokalaviser.

Medietilsynet sin avisrapport finn du her.

Eit par tabellar som er henta frå avisrapporten:

Avisenes totale annonse- og reklameinntekter:

Tilsyn anninnt

Avisenes digitale inntekter:

Tilsyn dig innt