LLA vil ha distribusjonsstøtte for lokalavisene

Torsdag var LLA i høyring hos Stortingets transport- og kommunikasjonskomite. Der minna vi om at god distribusjon av papiravisa er avgjerande for at avisene skal klare seg gjennom utfordrande økonomiske tider.

LLA på høring i Transportkomiteen

Derfor ber Landslaget for lokalaviser (LLA) komiteen om å følgje tett omlegginga av laurdagsdistribusjon av aviser og sikre at den nye løysinga fungerar tilfredsstillande for avisene. LLA ønskjer også at komiteen bed samferdselsdepartementet utgreie og iverksetje frå 2017 ei distribusjonsstøtte for å kompensere for ekstrakostnader avisene blir påført med ny laurdagsomdeling og generell prisvekst over Kpi.

Det var LLAs generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Roar V. Osmundsen som torsdag framførte lokalavisenes budskap overfor transport- og kommunikasjonskomiteen.

Heile LLAs innlegg ser du på slutten av denne artikkelen. Program, og truleg tv-opptak av høyringa, finn du på Stortingets eigne nettsider.

LLA har også vore i to andre høyringar på Stortinget i det siste. Både kulturkomiteen og finanskomiteen har fått høyre om kva rammevilkår lokalavisene treng for å ta godt vare på samfunnsoppdraget vårt.

LLAs innlegg i transportkomiteen torsdag 27. oktober:

«Landslaget for lokalaviser er interesseorganisasjonen for om lag 110 lokalaviser, dei fleste fådagarsaviser, som kjem ut frå Svalbard i nord til Søgne i sør.

Lokalavisene landet rundt er sjølve grunnfjellet i det unike mediemangfaldet vi har her i landet og er avgjerande for eit velfungerande lokalt demokrati.

Avisene er ein viktig del av den demokratiske infrastrukturen som held landet saman.

Det handlar om kvalitetane som samfunn, kor folk skal kunne bu, kva land vi vil ha.

Gjeld:  Distribusjon av aviser – sterk uro for kvalitet og kostnad på ny laurdagsomdeling av aviser som erstattar Posten frå 5. november.

Avisbransjen arbeider intenst med å utvikle digitale finansieringsmodellar, men det er per i dag langt frå at dei kan erstatta inntektene frå papiravisa. Mesteparten av inntektene til å finansiere journalistikken kjem framleis frå papiravisa.

God distribusjon av papiravisa er difor avgjerande for at avisene skal klare seg gjennom utfordrande økonomiske tider.

Lesar- og annonsemarknaden er slik at det er utgåvene inn mot helg som har sterkast posisjon. Avisene er slik ekstra sårbare for kvaliteten på distribusjon av aviser på laurdag der det er vedtatt store endringar frå november. Laurdagsdistribusjon handlar om både fredagsutgåver som blir distribuert laurdag, og ordinære laurdagsutgåver.

LLA har hatt tillit til Stortinget sine vedtak og lovnader om å syte for at det blir etablert ei fullgod distribusjonsløysing for avisene på laurdagar.

Men ut frå tilgjengeleg informasjon er vi sterkt uroa både for kvalitet og kostnad på løysinga som etter planen skal erstatta Posten frå 5. november.

Dei siste månadane er ekstra viktige både for annonseinntekter og fornying av abonnement, og det er særs uheldig for avisene med mangelfull distribusjon på denne årstida.

Overfor Samferdselsdepartementet har avisbransjen ved fleire høve bede om å utsetje omlegginga til januar 2017, og bruke tida fram til då til å få løyst alle utfordringar som framleis står att for å få på plass ei tilfredsstillande løysing.

Vidare må det bli etablert ei distribusjonsstøtte for å kompensere for meirkostnaden avisene nå vil få etter omlegging av laurdagsdistribusjonen.

Denne bør og innehalde generell distribusjonsstøtte etter at statsverksemda Posten nok ein gong aukar portoen langt meir enn generell prisvekst.

Vi er og svært uroa over saka om at posten vil slå samanA og B post slik at kravet til framføringstid går frå ein dag til to dagar. Det kan få alvorlege følgjer for avisene ved dårlegare avisdistribusjon på tvers av landsdelar.

Forslag til kap 1370, post 70 Kjøp av post- og banktenester:

Komiteen bed samferdselsdepartementet om å følgje tett omlegginga av laurdagsdistribusjon av aviser og sikre at den nye løysinga fungerar tilfredsstillande for avisene.

Komiteen bed samferdselsdepartementet utgreie og iverksetje frå 2017 ei distribusjonsstøtte for å kompensere for ekstrakostnader avisene blir påført med ny laurdagsomdeling og generell prisvekst over Kpi.

Komiteen bed samferdselsdepartementet om å ikkje tillate Posten å legge om frå ein til to poststrømmar.»

For kommentarar og spørsmål:

Rune Hetland, LLA, dir. tlf. 452 89 444, rune()lla.no