LLA kjempar for produksjonsstøtta

Denne veka er ei av dei mest spennande pressepolitiske vekene i år. Regjeringspartia forhandlar no med Venstre og Kristeleg Folkeparti om statsbudsjettet for neste år.

 LLA-Staale-Rune-ok-web

Generalsekretær Rune Hetland (t.v.) og styreleiar Ståle Melhus i LLA minner stortingspolitikarane om at lokalavisene treng gode rammevilkår.

Landslaget for lokalaviser (LLA) og andre medieorganisasjonar arbeider derfor tidleg og seint på alle frontar for å minna politikarane i alle leirar om at lokalavisene ikkje kan leva med regjeringa sitt forslag. Som det kom fram sist veke, vil Solberg-regjeringa kutta over 50 millionar kroner i produksjonsstøtta samanlikna med Stoltenberg-regjeringa sitt forslag. Dersom det slår til, vil avisene måtte nøya seg med 26 millionar kroner mindre i samla produksjonsstøtte enn det avisene får i år.

– Eit slikt kutt vil slå direkte inn i kvardagen til lokalavisene. Sjølv om alle så langt råd er prøver å skjerme journalistikken er realiteten at kutt går ut over alt i avisa. Skal vi løysa samfunnsoppdraget vårt er det avgjerande med gode rammevilkår – med eit godt nivå på produksjonstilskotet, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA. Saman med styreleiar Ståle Melhus var han seinast i går kveld på ope høyringsmøte i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

– Vi fekk fram kor naudsynt det er med gode rammevilkår for lokalavisene. Også etterutdanningsmidlane til LLA og Institutt for journalistikk blei tema. Vi møtte interesse frå stortingsrepresentantane, og opplevde det som ei nyttig høyring, seier Melhus og Hetland.

Utover den formelle høyringa, er LLA også i kontakt med andre stortingsrepresentantar og folk i regjeringsapparatet for å fortelja at lokalavisene treng stabile rammevilkår. Og når styret i LLA skal møtast seinare denne veka, er pressepolitikken også på dagsorden. Her er det godt håp om at Høgre sin saksordførar for pressepolitikk vil møta styret.

– Når Høgre, FrP, Venstre og KrF er ferdig med budsjettforhandlingane sine i slutten av veka, håpar vi at mesteparten av det føreslåtte kuttet er reversert, i det minste kraftig redusert, seier styreleiar Ståle Melhus og generalsekretær Rune Hetland i LLA.

På leiarplass i dag skriv også Aftenposten om pressestøtta. Last her ned Aftenposten side 2 eller gå til avisa sine eigne nettsider og les lederartikkelen der.

LLA si pressemeldig om statsbudsjettet kan du lesa her