LLA kjempar for momsfritaket

– Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) kjempar hardt for å få til avgiftsfritak på det frie ord både på papir og digitalt.

RuneHetland_LLA

– I dei siste vekers hektiske aktivitet i mediepolitikken har vi stått ekstra hardt på for å hindra at momsfritaket på papir skal setjast i spel i samband med arbeidet med å få redusert den digitale momssatsen. Det seier generalsekretær Rune Hetland (bildet) i LLA.

Regjeringa hadde nyleg regjeringskonferanse før dei jobba vidare med neste statsbudsjett og det er i forarbeidet til dette at det har vore spesielt stor aktivitet i mediepolitikken. LLA har mellom anna hatt styremøte for å vurdere alle innspel og avklare posisjonen vår. Styret står fjellstøtt på prinsippet om at avgiftsfritak på journalistikken må vere uavhengig av distribusjonskanal. LLA har og spela inn overfor regjeringa at papirmomsen ikkje må vera ein del av arbeidet med å få reduserte digital moms, og slik bli sett i spel.

– Det er særs viktige og spennande tider sidan kulturministeren har lova at regjeringa sine planar for mediemoms, medrekna redusert digital moms, skal bli presentert 8. oktober i statsbudsjettet for 2015, seier Hetland. Han er nøktern optimist.

– Vi vil framleis arbeida aktivt inn mot regjeringa og spesielt kulturministeren. Men til sjuande sist er det Stortinget som tar endeleg avgjerd. Vi må difor arbeide breidt politisk, og vi synest at vi når godt fram. Politikarane har stor respekt for alle dei gode lokalavisene og den viktige rolle dei spelar i lokalsamfunnet sitt og for heile landet.

For evt. kommentarar:

Rune Hetland, LLA, dir. tlf. 452 89 444 eller rune()lla.no

Meir om saka:

Leiarartikkel i Klassekampen 29. august, om avgiftsfriheten på det trykte ord.

Artikkel i Dagens Næringsliv 26. august, om LLAs skepsis til regjeringas momsskisse.

Her kan du lasta ned eit debattinnlegg/lesarbrev frå LLA, som avisene står fritt til å bruka. Lesarbrevet er signert av styreleiar Ståle Melhus og generalsekretær Rune Hetland, på vegner av LLA:

LLA Debattinnlegg om mediepolitikk

Nynorskversjonen av debattinnlegget:

LLA Debattinnlegg om mediepolitikk nynorsk

Her er LLAs oppsummering av det pressepolitiske arbeidet så langt i år.

Og her er bilder av LLAs styreleiar Ståle Melhus og generalsekretær Rune Hetland, som kan brukast til debattinnlegget – eller i omtale av LLAs pressepolitikk:

LLA_RuneHetland_pressefoto

LLA_StaaleMelhus_pressefoto