Tomas Bruvik og Rune Hetland i høyringsmøte med familie- og kulturkomiteen.
Tomas Bruvik og Rune Hetland i høyringsmøte med familie- og kulturkomiteen.

LLA kjempar for lokalavisene i Stortinget

Etter stortingsvalet har LLA hatt ein travel jobb med å nå fram til dei nye stortingsrepresentantane med informasjon om lokalavisene og om LLAs syn på pressepolitiske saker.

Rune Hetland og Tomas Bruvik i høyringsmøte med familie- og kulturkomiteen.

– Det er kvar haust hektisk aktivitet inn mot Stortinget for å sikra lokalavisene best muleg rammevilkår i Statsbudsjettet. Men det er ekstra hektisk etter stortingsval som i år. Då skal vi få fram informasjon om lokalavisene og pressepolitiske saker til nye stortingsrepresentantar. Og denne gongen er det ekstra mange nye fjes i alle komiteane, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA. Han legg til at det er godt å ha gode og viktige lokalaviser i ryggen.

Regjeringspartia og dei aktuelle støttepartia Venstre og KrF forhandlar no om rammene i statsbudsjettet. Målet er å bli samde innan 30. november, og pressestøtte er ein av budsjettpostane som ligg på forhandlingsbordet.

– Det er spennande tider, men me har godt håp, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

Les også denne saka om LLAs syn på regjeringas forslag til statsbudsjett:

– Stortingsrepresentantane har stor respekt for den viktige samfunnsrolla lokalavisene har og den jobben dei gjer. Men det er likevel alltid hard kamp for å sikra gode vilkår, både for å få auka ramme, og i fordelinga med andre avisgrupper. Begge deler er krevjande i eit år der regjeringa foreslår kutt i ramma. På den andre sida må vi passa på at det positive tilskotet til innovasjon i lokalavisene blir ståande. Vi står på med håp og tru på at stortingsfleirtalet vil sikra eit godt budsjett til slutt. Men det er både krevjande og spennande heilt fram til endeleg vedtak, seier Hetland.

I dag, måndag var nestleiar i LLA-styret Tomas Bruvik og Rune Hetland i høyringsmøte med familie- og kulturkomiteen.

– Det er viktig å få fortelja politikarane korleis kvardagen er for oss ute i avisene. Eg håpar dei tar det med seg i arbeidet vidare med pressepolitikken, seier Tomas Bruvik i LLA etter møtet med Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Geir Jørgen Bekkevold i Krf er ein av få som held fram i familie- og kulturkomiteen. Han har ei nøkkelrolle for pressestøtta. Her i møte med Randi Øgrey i MBL og Rune Hetland i LLA sist veke.

Bransjeorganisasjonane i media samarbeider under dei fleste høyringar i Stortinget. Her i finanskomiteen 24. oktober. Frå venstre Arne Jensen, NR, Hege Iren Frantzen, NJ, Per Brigt Olsen, Fagpressen, Rune Hetland, LLA og Randi Øgrey, MBL.