LLAstortingetOkt

LLA i Stortinget: – Gledeleg med plattformnøytralt momsfritak

Då Landslaget for lokalaviser var i høyring i Stortinget måndag, uttrykte vi glede over plattformnøytralt momsfritak som truleg kjem på plass neste år. LLA har heile tida stått fjellstøtt på dette prinsippet. Kulturkomiteen fekk også påminning om at produksjonsstøtta har bidratt til over 100 nye lokalaviser i Norge.

LLAstortingetOkt

Det var LLAs generalsekretær Rune Hetland som denne veka snakka lokalavisenes sak overfor familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Høyringa er ein del av Stortinget sitt arbeid med forslag til statsbudsjett – som skal vedtas før jul.

For Landslaget for lokalaviser er plattformnøytralt momsfritak blant dei viktigste sakene no. Venteleg sender regjeringa sitt forslag til ESA før nyttår, slik at lesarane kan få journalistikk frå avisene utan avgift – uavhengig av plattform. Kulturkomiteens medlemer fekk denne meldinga frå LLAs generalsekretær:

– Det er viktig at politikken setter lesaren i førersetet; det vil seie samme fritak frå avgift på samfunnsinnhald, uansett kor dei vil lese. LLA har stått fjellstøtt på dette prinsippet og det er svært gledeleg og viktig at plattformnøytralt momsfritak nå er i ferd med å bli ein realitet. Det er grunn til å gi ros til regjeringa både for engasjement, tydeleg målretta arbeid og for å nå signalisere at ein er i ferd med å lukkast med å få til momsfritaket. Men det er som i ein fotballkamp; seieren er ikkje klar før sluttsignalet er gått. Vi ventar i spenning, sa Hetland.

Samstundes som LLA gler seg over at det truleg går rett veg med momsfritaket, er vi betenkt over at produksjonstilskotet til avisene går feil retning: I forslaget til statsbudsjett står produksjonstilskotet på staden kvil – nok eit år. Slik kommenterte LLA det:

– Mykje blir sagt om produksjonstilskottet. Men ein ting er sikkert, dette har vore ein suksesshistorie, spesielt når det gjeld lokalavisene.

– Frå vekevisene fekk produksjonstilskott i 1990, er det starta over 100 lokalaviser her i landet, og dei fleste har klart seg, og utvikla seg til viktige aviser i sine lokalsamfunn. Kvar lokalavis får ikkje så mange hundre tusen kroner i støtte, men dette er et såkorn som utløyser mykje.

– Men det er på tide å innføre eit golv (minstetilskott) i produksjonstilskottet til lokalavisene. I det heile blir det med digitaliseringa vanskeleg å definere kva som er ei avisutgåve og dette med tal utgåver. Med golv vil ein kunne løfte støtta til dei som treng det mest og kanskje få ei litt meir rettferdig fordeling enn i dag.

Her kan du lese heile manuset til LLA, i pdf-format:

Kulturkomiteen manus okt 2015

For nærare opplysningar:

Rune Hetland, LLA, rune()lla.no, dir. tlf. 452 89 444.