Stortinget-post

Tøffare kamp om lørdagsdistribusjonen

Avisdistribusjonen må vere ein del av Posten sitt samfunnsansvar. Dessutan må avisene fram til alle abonnentane også om laurdagane. Dette sa LLA til transportkomiteen på Stortinget denne veka.

Stortinget-post

Landslaget for lokalaviser (LLA) var blant organisasjonane som i dag deltok på høyring hos transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Høyringa er ein del av komiteen si handsaming av ny postlov, der avisdistribusjon om laurdagane er ei viktig sak for LLA og lokalavisene.

Frå LLA stilte generalsekretær Rune Hetland og redaktør Øystein Øygarden i Vest-Telemark Blad (bildet, frå Stortingets nettsider).

Mellom anna meiner LLA at…

… avisdistribusjon må spesifikt med under samfunnsansvaret i Postens konsesjon.

… dersom det ikkje er muleg å oppretthalde generell omdeling av post laurdag vil vi be om at distribusjon av aviser, til alle deler av landet, blir leveringspliktig del av Posten sine tenester.

… avisene må nå fram til abonnentar i heile landet også på laurdagar. Med andre ord må det vere transport mellom dei forskjellige regionar og landsdelar.

Øvrige argument finn du i vårt notat her:

LLA i transportkomiteen mai 2015

Sjå gjerne opptak av høyringa på Stortinget sine nettsider. LLAs innlegg er 59.40 minuttar ut i sendinga.

Under høyringa kom det fram at Posten likevel ikkje ser for seg å distribuere avisene mellom landsdelane og slik sikre lørdagsombering! Sjå meir om det i Klassekampen i dag.