Kulturministeren opnar LLAs landsmøte

Kulturminister Hadia Tajik opnar LLA og lokalavisene sitt landsmøte i Lofoten i april. Statsråden stadfesta dette då ho møtte arbeidsutvalet i LLA i dag. Førebels program er no klart.

Lokalavisene sitt landsmøte opnar i Svolvær fredag 26. april 2013. Då ventar eit par dagar med eit innhaldsrikt program for alle medarbeidarar på avishusa. Særleg skal vi sjå nærare på forholdet mellom papir og digitale plattformer.

Førebels program, prisar og påmeldingslink er no lagt ut på landsmøtesidene her på LLAs nettsider. Trykk på linken under her for å lesa siste nytt om landsmøtet:

http://lla.no/nyheter/velkomen-om-bord-til-llas-landsmote-2013/