Kulturministeren fekk med seg innspel om pressestøtta

Lokalavisene treng forutsigbare rammevilkår. Dette minna LLA om då vi møtte kulturministeren til innspelsmøte.

Innspill-kulturmin

Det var rett før helga at kulturministeren inviterte LLA og andre representantar for mediebransjen til såkalla innspelsmøte om pressestøtta. Statsråd Thorhild Widwey (bildet), statssekretær Knut Olav Åmås og medieavdelinga i Kulturdepartementet fekk då med seg  klare råd og oppfordringar om å tenkja seg godt om før ein gjer særlege endringar i ei pressestøtteordning som bransjen sjølv meiner fungerer rimeleg godt.

Frå LLA fekk både styreleiar Ståle Melhus og generalsekretær Rune Hetland (bildene under) ta plass på talarstolen. I nettutgåva til Vårt Land kan du lesa meir om høyringa.

Du finn også ein kommentarartikkel i Dagbladet om seansen.

Forøvrig deltar statssekretær Knut Olav Åmås under opninga på LLAs landsmøte i Bergen om ei vekes tid. Oppdatert program finn du her.

Innspill-Melhus

Innspill-Hetland