Kor har du det frå?

Det er spørsmålet som vi i mediebransjen vil stilla folk utover året. Kampanjen for journalistikken skal visa at uavhengige redigerte medier har stor betydning for demokratiet vårt.

I desse dagar kan du ta turen innom dei nye nettsidene til journalistkampanjen. Her vil du finna forslag til aktivitetar som også lokalavisene kan gjera for å skapa enda større merksemd om journalistikken. Mesteparten av aktivitetane høyrer heime til hausten, men alt no er mediene oppfordra til å minna folk om at avishusa er opne – og at det er fritt fram for å laga nye debattmøte i lokalmiljøet.

Journalistkampanjen sine nettsider er her.

Sjekk gjerne under «delte dokumenter» for å finna enda meir om kampanjen.