Klekkar ut journalistar

Med etableringa av Nynorsk Avissenter i Firda har Førde blitt ein viktig lærestad for journalistar som brukar nynorsk. I april skal avissenteret og NRK Nynorsk mediesenter tilsette ni, nye praktikantar. Dermed klekkar dei to mediehusa i Førde ut 18 nye journalistar i året.

NRK Nynorsk mediesenter har vore i sving sidan 2004 og fått fram 85 nye journalistar som brukar nynorsk som arbeidsspråk. Dei fleste har fått jobb i NRK der dei markerer seg som dyktige reporterar og gode ambassadørar for nynorsken. Nytt av året er Nynorsk Avissenter i Firda som skal styrke rekrutteringa til nynorskavisene rundt i landet. Avisene er på full fart inn i eit hamskifte med overgang til nettaviser og har stor trong for ny kompetanse i åra framover.

Held nynorsken levande

-Rundt i landet finst det 59 lokalaviser som har nynorsk som standardspråk. Dei held nynorsken i hevd som eit levande bruksspråk. Ingen produserer så mykje nynorsk tekst som avisene. Derfor er det overmåte viktig for språkutviklinga at desse avisene taklar overgangen til den digitale tidsalderen på ein god måte, seier dagleg leiar Arve Sandal i ei pressemelding frå Nynorsk Avissenter. Sandal trur senteret med den største nynorskavisa i ryggen kan bli eit godt handslag for avisene i denne prosessen.

Magni Øvrebotten har leia NRK Nynorsk mediesenter sidan det vart oppretta i 2004. Ho meiner styrken med opplegget er at elevane får ekte, praktisk trening i redaksjonen ved å lage innslag og reportasjar som skal på lufta.

Effektiv opplæring

-Dette er ei bratt, men effektiv lærekurve som har vist seg å fungere godt. Dei fleste går rett inn i vaktplanar i redaksjonane etter seks månadars opplæring. Vi legg stor vekt på å gje praktikantane språkleg ballast med på vegen. Etter nokre månadar i Førde og Sogn og Fjordane, der dei fleste brukar nynorsk, blir dei både meir medvitne og stoltare av språket sitt, seier Magni Øvrebotten.

Gode søkartal

Søkartala til opplæringa i NRK har i snitt vore på rundt 30-40 kvar gong. Bakgrunnen til søkarane har variert frå både ein og to masterar i ulike fag til inga utdanning etter vidaregåande.

-Eg er sjølvsagt spent på om avisbransjen har like store appell som NRK? Etter mitt syn får avisjournalisten ein stadig meir spennande kvardag etter kvart som avisene utviklar nettaviser i tillegg til papiravisa, seier Arve Sandal. Han meiner dagens avisjournalist kan bruke eit stort register frå rask nyhendeformidling på nettet, til analytiske artiklar, kommentarar og opplevingsreportasjar i papiravisa.

Til saman har Firda og NRK Sogn og Fjordane rundt 50 journalistar i dei to redaksjonane i Førde. I tillegg til å produsere sendingar og aviser, har dei også fått ei viktig rolle som læremeistrar for neste generasjon journalistar med nynorsk som sitt viktigaste verkty.

Arve Sandal og Nynorsk Avissenter vil også vera til stades på LLA sitt landsmøte i Svolvær. Då vil Sandal leggja fram ei undersøking om kva redaktørar trur vil vera avgjerande for lokalavisene si framtid.

Nynorsk-avissenter

I vår sender NRK Nynorsk mediesenter kull 18 med nybakte journalistar ut på arbeidsmarknaden. Frå venstre: Inger Johanne Ruset frå Valldal, Trond Espen Bjoland frå Sotra, Hanne Våge frå Stord, Vegard Tjørholm frå Sirdal og Aldaheidur Oldeide frå Vågsøy. Frå hausten blir talet på nynorskpraktikantar i Førde auka til 18 i året når Nynorsk Avissenter kjem i drift. (Foto: Randi Indrebø/NRK)

 

Fakta:

Nynorsk Avissenter er eit opplærings- og kompetansesenter i avisa Firda. Tek inn åtte journalistpraktikantar i året. Legg vekt på digitale kanalar.    

NRK Nynorsk mediesenter er eit opplæringssenter i NRK Sogn og Fjordane. Tek inn 10 journalistpraktikantar kvart år. Senteret i NRK har sidan 2004 lært opp 85 nye journalistar. 75 % av dei arbeider i dag i mediedrifter.

Dei to opplæringssentra i Førde skal samarbeide om å få fram gode journalistar og gode ambassadørar for nynorsken.

Les gjerne meir om avissenteret her.