Kulturminister Thorhild Widwey og redaktør Hilde Eika Nesje i Bø Blad.
Kulturminister Thorhild Widwey og redaktør Hilde Eika Nesje i Bø Blad.

Hilde Eika Nesje i Bø blad i nytt medieutval

Kulturminister Thorhild Widvey presenterte i dag det nye Mediemangfoldsutvalget. Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad og medlem av LLAs styre, er med i utvalet.

Kulturminister Thorhild Widwey og redaktør Hilde Eika Nesje i Bø Blad.

Kulturminister Thorhild Widvey og redaktør Hilde Eika Nesje i Bø blad.

Utvalet skal vurdere kva mål staten skal ha for mediemangfaldet, og korleis staten sine økonomiske verkemiddel best kan bli nytta for å stimulere til vidare mediemangfald i Noreg.

Utvalets leiar Knut Olav Åmås takka for oppdraget på vegner av utvalet.

– Vi skal gjere vårt beste for å tenke omkring, greie ut om og granske kva som må til for å styrke mediemangfaldet i Noreg, sa han på ein pressekonferanse fredag.

Hilde Eika Nesje synest det er ei ære å få vere med i utvalet.

– Det er spanande for meg å vere med, og viktig at lokalavisene er representert. Eg representerer på mange måter mediemangfaldet, som redaktør i ei av dei minste lokalavisene i landet, seier ho. Hilde Eika Nesje er dessutan styremedlem i LLA.

– I den store samanhengen skal utvalet gjere ein viktig jobb, sett i lys av ytringsfridomen og behovet for å bevare det mediemangfaldet som vi har i dag, legg ho til.

Mediemangfoldsutvalget vart varsla då kulturministeren la fram NRK-meldinga før sommaren.

Medlemmene i utvalet:

  • Leiar: Knut Olav Åmås
  • Hilde Eika Nesje
  • Ellen Altenborg
  • Ivar Rusdal
  • Hildegunn Soldal
  • Hallvard Moe
  • Gunnar Stavrum
  • Olav T. Sandnes
  • Thor Gjermund Eriksen
  • Randi Øgrey

Mediemangfoldsutvalget