Håndbok og annonsekampanje for lokalavisene

I desse dagar trykker avisene ein annonsekampanje om lokalavisa som effektiv mediekanal. LLA har også utstyrt avisene med ein markedskasse med nyttige redskaper for annonsesalg.

Kassen-Solagjengen

I ei tid der kampen om annonskronene er tøff nok, tar lokalavisene og Landslaget for lokalaviser (LLA) nye grep for å visa seg fram overfor annonsørane: I desse dagar har LLAs medlemsaviser fått ein markedskasse med hjelpemiddel som skal inspirera avisene til enda bedre annonsesalg i tida framover. I kassen ligg mellom anna ei håndbok med planleggingsverktøy, praktiske forslag til annonseaktivitetar og veiledning om godt salgs- og kundearbeid. Ikkje minst ligg det eit fersk idèhefte i kassen, fullpakka med gode eksempler på kva lokalavisene kan gjera for å få større fart på annonse- og abonnementsarbeidet sitt.

LLAs markedskasse blei lansert på ei markedssamling på Solastrand nyleg (bildet) og skal no vera på plass i alle dei ca 110 avisene i LLA-familien.

Samtidig som markedskassen blir tatt i bruk ute i avisene, kjører lokalavisene også i gong ein annonsekampanje i eigne aviser. Målgruppa er lokale kremmarar og folk som er engasjert i lags- og organisasjonslivet. Begge grupper blir minna om at lokalavisa på papir og nett er ein svært effektiv mediekanal for å få oppmerksomhet i lokalmiljøet. Annonser i lokalavisa blir lest og folk bruker avisa til å planleggje innkjøp.

Gjennom lokalavisene sin nye annonsekampanje og markedskasse, er målet å få kremmarar til å planleggja markedsaktivitetane sine for høsten og neste år – saman med lokalavisene. Det har både lokale handelsfolk og lokalavisene nytte av.

– Lokalavisene er flinke til å dela på gode idear som fører til fleire annonsar. I LLA legg vi alltid til rettes for dette. No håper vi at både markedskassen og annonsekampanjen vil bidra til enda større merksemd og annonseinntekter, seier markedssjef Geir K. Hus i Landslaget for lokalaviser.

LLAs markedskasse skal utover høsten også brukast overfør mediebyrå og handelskjeder. Vonaleg vil også avisene sjølve bruka eigne variantar av markedskassen overfor lokale annonsørar og forretningsforbindelser.

LLAs medlemsaviser kan her lasta ned alle fem annonsane til den nye aviskampanjen.

 

Kassen-bilde

LLA og lokalavisenes markedskasse.

Kassen-perm-bilde

 Den nye markedshåndboka.