God nytt avisår

LLA takkar alle lokalavisvener for eit godt og konstruktivt samarbeid gjennom året vi har lagt bak oss.

Til tross for stadige nye utfordringar, mellom anna i pressepolitikken, gler vi oss til å ha lokalavisene med i LLA-familien også i 2014. Då skal vi mellom anna synleggjera lokalavisene enda meir overfor politikarane, mediebyråa, annonsørane og andre som betyr noko for rammevilkåra våre. Dessutan skal vi halda fram med praktiske fagkurs og nyttig idé- og erfaringsutveksling.

Vi gler oss også til landsmøtet i Bergen i slutten av mars. Dersom du og andre i avisa vil melda dykk på alt no, finn du både førebels program og påmeldingslink på landsmøtesidene her på nettet.

I tillegg håper vi at du og avisa di blir med i årets aviskonkurransar.

Fristen for å bli med på landsmøtet og delta i konkurransane er 24. januar.

 

Beste helsing

styret og sekretariatet i Landslaget for lokalaviser