Gjev heider til Hallingdølen

Medan vi venter på spennande prisutdelingar på LLAs landsmøte, gler vi oss mellom anna over skandinavisk prisdryss til lokalavis i LLA-familien: Hallingdølen tar heim heile seks prisar i designkonkurranse!

Hallingdølen-desk

Stolte prisvinnarar ved desken i Hallingdølen: Dagleg leiar Kjell Vidar Bergo (t.v.) og redaktør Bjarne Tormodsgard.

Det er Scandinavian News Design som dryssar prisar over lokalavisa i Hallingdalen. Redaktør Bjarne Tormodsgard seier mellom anna dette til LLAs idébank:

– Medan mange andre svekkjer den grafiske kompetansen, har vi styrka han. Gjennomsnittsalderen på typografane våre er rundt 30 år. Det er flinke, unge folk som kjem med nye impulsar, og som har skapt eit miljø for å tenkje på presentasjonen. Dei legg sjela si å gjera ting ordentlig, til tross for at vi også har tidspress og avgrensa mengder med materiale, skryt han.

Sjå meir om Hallingdølen sine prisar, og andre spennande saker, i LLAs idébank.