Foreslår løft for produksjonstilskotet

Produksjonstilskotet til avisene aukar med 7,7 prosent i den avtroppande regjeringa sitt budsjettframlegg. Støtta skal også gjerast plattformnøytral.

– Dette er positivt. Lokalavisene landet rundt har store utfordringar og treng trygge og gode rammevilkår i ei tid der dei skal satsa på digital publisering parallelt med papiravisa, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA).

I budsjettframlegget går det fram at det i Norge finst nærare 230 aviser på over 200 utgjevarstader. Nesten 140 av desse avisene mottar pressestøtte. Dette viser at mediestøtta er eit effektivt og målretta verkemiddel for å fremje mediemangfaldet.

For neste år foreslår regjeringa ein auke i mediestøtta på nær 24 millionar kroner – til 332 millionar kroner. Regjeringa vil også gjera mediestøtteordninga plattformnøytral frå 1. januar 2014 og seier at dei med dette vil fjerna ei barriere mot digital publisering og innovasjon.

Regjeringa foreslår også å opprette ei ny støtteordning for kvalitetsjournalistikk. Føremålet er å sikre kritisk journalistikk og nyhende- og aktualitetsstoff av høg kvalitet i ei tid der tradisjonelle forretningsmodellar er under press.

 

– LLA har heilt sidan dette forslaget vart lansert av mediestøtteutvalget uttrykt skepsis. Vi meiner at den beste måten å få meir kvalitetsjournalistikk på er å gi gode rammevilkår til redaksjonane landet rundt gjennom produksjonstilskot og momsfritak, seier Rune Hetland.

LLA er skuffa over at avtroppande regjering ikkje har løyst momsproblematikken. Momsfritaket på samfunnsinnhald må også gjelde digital levering.

– Her håpar vi at det nye stortingsfleirtalet har ei meir framtidsretta haldning, seier Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser.

For meir informasjon:

Rune Hetland, generalsekretær i LLA, dir. tlf. 452 89 444, [email protected]

 

Her kan du lasta ned LLAs pressemelding i word- og pdf-format:

LLA statsbudsjett 2014 pressemelding

LLA statsbudsjett 2014 pressemelding

Du finn også meir om statsbudsjettet på Kulturdepartementet sine nettsider.