Foreslår golv i pressestøtta: Minst 750.000 kroner til lokalavisene

Mediemangfaldsutvalet foreslår golv i produksjonstilskotet. Over hundre lokalaviser kan få glede av golvet, eller minstetilskott som det og blir kalla.

Dersom mediemangfaldsutvalet får gjennomslag for forslaget, vil golvet for lokale medier mellom 1000 og 6000 i opplag vere på 750.000 kroner. Utvalet meiner at det er svært viktig å bidra til å oppretthalde eit relativt finmaska nett av lokale nyheitsmedium.

Mediemangfaldsutvalet overleverte i dag sine anbefalingar til kulturminister Linda Hofstad Helleland. LLAs representant i utvalet er Hilde Eika Nesje (t.v.), redaktør i Bø Blad.

Mediemangfaldsutvalet overleverte i dag sine anbefalingar til kulturminister Linda Hofstad Helleland. LLAs representant i utvalet er Hilde Eika Nesje (t.v.), redaktør i Bø blad.

 

Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø Blad, har vore medlem i Mediemangfaldsutvalet. Ho kommenterer:

– Som utvalsmedlem synest eg vi har klart å kome fram til eit heilheitleg forslag, samstundes som vi har klart å sjå bransjen med nye auge. Det har vore spennande, lærerikt og krevjande å jobbe med dette i eit utval med mykje og variert kunnskap om mediene. Som LLA-styremedlem synest eg ein viktig tilleggsverdi er den anerkjennelsen som har blitt vist for lokalavisene.

Styremedlem Roar Vigeland Osmundsen i LLA er nøgd med framlegget.

– Eg trur framlegget er veldig viktig for lokalavisene. LLA er spesielt glad for respekten som utvalet viser for lokalavisene si samfunnsrolle. At dei foreslår eit løft i produksjonstilskotet til lokalavisene er positivt, og viser at det er ei aukande forståing for at journalistikken i lokalavisene er viktig. Det er lokalavisene som følgjer med på kva som føregår i lokalsamfunna der folk flest lever liva sine, seier han.

Han trur at ei ny ordning for produksjonstilskottet kan gje lokalavisene større rom til å ta individuelle val.

– Framlegget inneber at ein kan vere på veg bort frå utgåveproblematikken som veldig mange av medlemmane har. I dag støtter ordninga talet på utgåver, men no kan lokalavisene få ei ordning som let dei ta dei vala som er rett lokalt, legg han til.

LLA støttar også forslaget om eit tidsavgrensa fritak frå arbeidsgjevaravgift. Dette er sjølvsagt viktig for lokalavisene, men gir størst utteljing for dei store media.

– Ser ein på den totale summen av verkemidla momsfritak, fritak for arbeidsgjevaravgift og produksjonstilskott, så får framleis dei mange lokalavisene ein liten del av støtta. LLA meiner som før at minstetilskottet burde vore ein million kroner, og ikkje 750.000 slik mediemangfaldsutvalet foreslår. Men vi er godt nøgde med utgangspunktet utvalet har lagt fram for vidare politisk arbeid, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.

Bakgrunn:

Mediemangfaldsutvalet leverte i dag NOU-en «Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne» til kulturminister Linda Hofstad Helleland. Dei viktigaste framlegga er:

– Momsfritaket blir utvida til alle nyhende- og aktualitetsmedium og sal av enkeltartiklar.

– Eit tidsavgrensa fritak frå arbeidsgjevaravgift for nyhendebaserte norske medieselskap.

– Produksjonstilskotet til nyhendemedium blir vidareført, men med fleire justeringar.

– Lokale medium mottar eit minstetilskot på 750.0000 kroner, 1.295.000 for nordnorske aviser.

– Tilskotssatsen for nummer to-aviser i storbyane (ikkje riksdekkande meiningsberande aviser) blir erstatta av satsen for lokale nummer to-medium. Endringa blir fasa inn over fire år.

– Tilskotstaket blir redusert til 27 prosent av mottakaren sine driftskostnader. Endringa blir fasa inn over fire år.

Utvalet foreslår tre nye tilskotsordningar:

– Ei tilskotsordning til innovasjonsprosjekt for nyhendemedium – 30 millionar kroner per år.

– Ei tilskotsordning som skal stimulere samfunnsviktig journalistikk – 20 millionar per år.

– Ei tilskotsordning for nyhendemedium som er gratis for brukarane – 20 millionar kroner per år.