Europas beste lokalavis!

Kvinnheringen er kåra til Europas beste lokalavis. Lokalavisa i Kvinnherad konkurrerte med nesten 200 andre aviser frå 26 land.

kvinnheringen

Det blir sannsynlegvis ei velfortent markering på avishuset til Kvinnheringen i dag måndag etter at avisa er tildelt gull og gjevaste pris av juryen i European Newspaper Award.

Dei 14 dommarane i aviskonkurransen har vurdert både utforming, bilde, kreativitet og totalproduktet. I konkurranse med 196 lokalaviser frå 26 land stakk altså Kvinnheringen på Husnes av med gjevaste pris blant lokalavisene i Europa.

Kvinnheringens redaktør Tomas Bruvik seier til eiga avis at dette utan tvil er den gjevaste prisen avisa har fått. Bruvik fortel også at avisa har ein dyktig og kreativ stab på alle område, og at Kvinnheringen av og til vågar å gjera ting som er litt uvanleg.

Les heile saken på Kvinnheringens nettsider.

Det er slett ikkje første gong Kvinnheringen forsyner seg godt av premiefata i aviskonkurransar. Så seint som på Landslaget for lokalavisers landsmøte i fjor, fekk avisa både LLAs markedpris og prisen for Årets lokalavisside. Avisa har henta heim også ei rekkje andre bransjeprisar dei siste åra.

Når Kvinnheringen i mai skal til Wien for å henta heim det synlege beviset på dagens pris, går dei inn eit godt og eksklusivt selskap med andre LLA-aviser: Både Bygdanytt, Hallingdølen og Hordaland har tidlegare år blitt kåra til beste lokalavis i Europa.

European Newspaper Awards nettsider finn du meir om konkurransen og årets tildeling. I premielista finn vi også andre aviser i LLA-familien som får hederlig omtale i ulike kategoriar: Fanaposten, Hallingdølen, Hordaland og Sunnhordland.

kvinnheringen

Framme frå venstre: Vidar Håland, Kristine Hellås, Carina Wangensten, Elisabeth Berg Hass, Karin Myhre og Mona Grønningen. Bak frå venstre: Arne Lindeflaten, Tomas Bruvik og Merete Lillesand.

Kvinnheringen-medarbeidarar som ikkje er med på bildet: Haldor Herland, Reidun Herland, Vigdis Langeland, Trude Aarsand, Aasmund Taarn Sande, Rumisa Karimova, Rita Isdal Cunningham og (foto) Jonn Karl Sætre.