Statsbudsjettet: Flyktningkrisa betyr meir kutt i pressestøtta

Regjeringa vil kutte ytterlegare 15 millionar kroner i produksjonsstøtta neste år – for å finansiere flyktningkrisa. LLA er skeptisk til så stort kutt.

RuneHetland_LLA

Torsdag kom det fram at årets produksjonsstøtte til avisene er redusert med fem millionar kroner (1,6 prosentpoeng) for å bidra til å finansiere mottaket av Syriaflyktningar. Fredag blei det lagt på på bordet eit forslag frå regjeringa om å ta ytterlegare 15 millionar kroner frå pressestøtteordninga i neste års statsbudsjett – for å finansiere ekstrakostnadene rundt flyktningekrisa.

– I ei tid der flyktningane skal integrerast i små lokalsamfunn rundt om kring i landet, er det viktig at lokalavisene har ressursar til å utøve god journalistikk om flyktningproblematikken, nettopp for å bidra til god integrering og forståelse mellom flyktningane og folk elles i nærmiljøet. Då er det uheldig dersom også lokalavisene mister enda meir av produksjonsstøtta, seier generalsekretær Rune Hetland (bildet) i Landslaget for lokalaviser. Han håper at politikarane ser kor viktig det er med gode og mange lokalaviser for å bidra til ei god integrering og etter kvart ein god kvardag for alle som etter kvart skal busetja seg rundt om kring i landet.

LLAs generalsekretær har stor forståelse for at Norge er i ein ekstraordinær situasjon, men meiner regjeringa dermed bør finne ekstraordinære midlar i staden for å ta store kutt, eksempelvis på kulturbudsjettet og medieområdet.

I følgje Journalisten.no blir produksjonstilskotet altså redusert med 15 millionar kroner, frå 323 millionar til 308. Reduksjonen tilsvarer 4,6 prosent av denne posten på statsbudsjettet. Totalt blir det kutta 25 millionar kroner i kulturbudsjettet, der nyhetsmediene altså må ta 15 av desse millionane. I følge Journalisten.no skyver samtidig regjeringa på innføringa av plattformnøytralt momsfritak til 1. mars, noko som betyr ei innsparing på 60 millionar kroner.

– Det er uheldig at mediebransjen må ta eit større kutt enn andre på kulturbudsjettet, seier Rune Hetland i LLA.

For eventuelt fleire kommentarar:

Rune Hetland, LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no