Ei avis full av gode erfaringar og råd

Anbefalt påskelitteratur eller når du er klar for nye tak etter påsken: LLAs landsmøteavis er fullpakka med gode idear og erfaringar frå lokalavisene.

LMavisa

Alle LLAs medlemsaviser skal ha fått avisa som vi laga til årets landsmøte. Den anbefales! Her finn du mykje om det vi snakka og hadde foredrag om i Haugesund, mellom anna om Bygdebladet Randabergs arbeid med frivillige organisasjonar, om Lister som auka opplaget etter at dei innførte digitale abonnement, om mediemangfaldsutvalgets forslag og om godt annonse- og abonnementsarbeid. Alle på avishuset finn truleg noko lærerikt i avisa.

Vi minner også om at nokre foredrag og hyggelege videoar frå landsmøtet ligg ute på LLAs landsmøtesider.

Og som alltid: LLAs idébank oppdateres stadig med nye idear og gode døme frå avisene. Ta turen innom når du vil ha enda meir inspirasjon.