Det må fortsatt delast ut post og aviser om laurdagen!

Landslaget for lokalaviser er svært bekymra over forslaga til endringar i postlova og postforskriftene.

postkasse2

I ei høyringsuttale til Samferdselsdepartementet er dette hovudpunkta våre:

«Posten Norge AS si samfunnsrolle må styrkast og setjast over økonomisk resultatkrav.
 Å ha gode posttenester til alle husstandar i heile landet seks dagar i veka til ein fornuftig og pårekneleg pris er ein viktig føresetnad for busetnad og næringsliv i heile landet.

Posttenestene er slik eit viktig grunnlag for at det skal koma ut aviser i heile landet, og spesielt for lokalaviser og riksaviser er Posten viktig. 
Slik er posttenestene avgjerande for å nå måla om mangfald i media, reell ytringsfridom og lokalt demokrati.

LLA meiner at det er eit politisk ansvar å syte for at det i Postens konsesjonsvilkår blir tatt inn klåre krav om Postens viktige samfunnsoppgåve ved å syte for at distribusjonstilbodet medverkar til å setja lokalavisene i stand til å kunne oppfylle si demokratiske rolle både i distrikts-Noreg og landet elles.»

Du kan laste ned heile høyringsuttalen til LLA (i pdf-format) her:

Posten-høyringsuttale Jan2015

Du finn meir om saka, og øvrige høyringsuttaler, på regjeringa sine nettsider.

Her kan du lese meir om LLAs arbeid med rammevilkår og pressepolitikk.