Dalane Tidende er Årets lokalavis

Dalane Tidende er kåra til årets lokalavis. Avisa tok i mot prisen under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Kristiansand i helga.

 

Om vinnaren seier juryen mellom anna: Dalane Tidende representerar framtida. Det er ei moderne og heilstøypt lokalavis som prioriterar unge lesarar. Avisa sin unge profil set ein høg standard som løftar dei til eliteklassa både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er ikkje få aviser som burde ha Dalane Tidende som førebilete.

Dalane Tidende kjem ut i Egersund. Avisa hadde eit godkjent opplag i 2011 på 8160 og gler abonnentane sine kvar måndag, onsdag og fredag. Journalist Keth Odland takka for prisen, og uttrykte stor glede for å vera den utvalte i den store, og stadig veksande  LLA-familien.

– Det er overraskande, men sjølvsagt svært gledeleg. Eg trur ikkje vi har gjort noko ekstraordinært det siste året, men det er tydeleg at hardt og målretta arbeid over tid har betalt seg godt.

Gunnar Kvassheim er redaktør i Dalane Tidende.

Askøyværingen og Solabladet fekk heiderleg omtalar i Årets lokalaviskonkurransen.

På LLA sitt landsmøte i Sørlandsparken i Kristiansand blei også følgjande andre prisar delt ut:

Årets lokalavisfoto: Bladet Sunnhordland

LLAs journalistpris: Arild Bjørnbakk, Saltenposten

Marknadsprisen: Hallingdølen

Årets lokalavisside: Bygdanytt

Dessutan fekk Bø blad pris for beste valdekning av fjorårets kommunestyre- og fylkestingsval. LLA og lokalavisene har gjennom prosjektet Ung & engasjert dei siste tre åra hatt ekstra fokus på unge sitt engasjement i lokalmiljøet.

På LLAs landsmøte blei Ståle Melhus i Fanaposten attvald som styreleiar i avisorganisasjonen. Med seg i styret har Melhus no Hilde Eika Nesje i Bø Blad, Roar Osmundsen i Søgne og Songdalen budstikke, Gry Thorsteinsen i Nye Troms, Kjell Vidar Bergo i Hallingdølen, Asta Brimi i Fjuken, Edd Meby i Våganavisa og Tomas Bruvik i Kvinnheringen.

Landslaget for lokalaviser er organisasjonen for over 110 av avisene i Norge.

For meir informasjon:

Geir K. Hus, informasjonssjef i Landslaget for lokalaviser (LLA), mobil 452 89 333, geir@lla.no

Ståle Melhus, styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), mobil 982 17 445, melhus@fanaposten.no

Redaktør i Årets lokalavis: Gunnar Kvassheim, mobil 468 08 961. Journalist Keth Odland, mobil 400 08535 

Tekst og foto frå landsmøtet: LLAs frilansjournalist Vidar Alfarnes, mobil 470 91 766, vidar@alfarnes.no

Bildetekst:

Vedlagt foto viser årets jury og fire stolte medarbeidarar i årets lokalavis. Frå v, Espen Reiss Mathisen, Universitetet i Stavanger, journalist Keth Odland , journalist Merete Horpestad, marknadskonsulent Maarten Robben, trykkerisjef Erling Svensen, Janne Nerheim, Bergens Tidende og Frode Rekve, Institutt for Journalistikk.