Bygdanytt beste lokalavis i Europa!

I dag kan Bygdanytt i Arna feira seg sjølv: Avisa er kåra til Europas beste!

Det er resultata frå den årlege designkonkurransen European Newspaper Award som no er gjort offentleg. I kategorien for lokalaviser er det Norge og Bygdanytt som tar heim gullet. Lokalavisa kjem ut to gonger i veka i Arna utanfor Bergen. Frode Fjellstad er konstituert redaktør, Hallvard Tysse er redaktør i permisjon og Sveinung Tvedt er dagleg leiar. Saman med resten av sine gode kolleger kan dei no skilta med gjev avispris.

Bygdanytt blei med i LLA-familien i fjor og alt på vårt første landsmøte forsynte avisa seg av premie også frå vår tevling; Bygdanytt vann då prisen for Årets lokalavisside.

Andre norske lokalaviser som no har vunne prisar i European Newspaper Award:

Hordaland på Voss (Front Pages og Photo-Report)

Fanaposten (Photography Atmosphere og Special Pages)

Hallingdølen (Visual Storytelling, Photo-Report og Typography)

Klar Tale (Visualitzation)

 

Alle er med i LLA-familien. Vi gratulerer!

 

Sjå Bygdanytt sin artikkel om eigen pris her.

Sjå heile premielista her.