postkasse

Avisportoen aukar med 4,5 prosent

Utgiftene til avisdistribusjon med Posten aukar snart med 4,5 prosent.

Posten, eller Bring som selskapet formelt heiter nå, har varsla om at distribusjon av aviser vil få ein prisauke på 4,5 prosent frå nyttår.

I eit møte mellom Posten og avisbransjen nyleg var LLA tydelege på at 4,5 prosent var for høg prisauke. Auken er langt høgare enn generell prisvekst og er spesielt uheldig i ei tid der avisene har store utfordringar. Men Posten har nå altså likevel bestemt prisane i strid med våre innspel.

– Det einaste som kan bidra til lågare auke i avisportoen er ein ny rabatt for unavna aviser der lister kan hentast til Digital rutebok, seier Rune Hetland i LLA. Han reknar med at avisene får god informasjon om den nye rabattordninga direkte frå Posten.

Link til Posten/Brings generelle vilkår.