postkasse2

Avisene kan bli stoppa i posten

Folk risikerer å få verken aviser eller annan post om laurdagane.

RuneHetlandLLAweb

Dette kan bli resultatet dersom regjeringa lar Posten sleppa å gå med brev og aviser om laurdagane. For lokalavisene blir dette nok ei tung bør på skuldrane. I praksis vil både fredags- og lørdagsaviser kunna bli liggjande over til måndagane.

Det er i forslag til ny postlov, for å tilpassa denne til EU sitt postdirektiv, at regjeringa vurderer å leggja ned all postombering om laurdagane. Eitt alternativ er at staten kjøper ombering av aviser om laurdagane, noko som kan kosta rundt 100 millionar kroner i året.

Landslaget for lokalaviser (LLA) er svært bekymra for forslaget:

– Dette er svært alvorleg for mange aviser og for innbyggjarane. I praksis er det bedrifter og innbyggjarar i distrikta dette vil gå utover, sidan det ikkje er muleg med alternativ til Posten, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (bildet). Han fortel at Posten i mange år har snakka om å kutta i laurdagsomdelinga for å spara pengar.

– Til nå har det politiske fleirtalet ikkje gått med på dette, og vi får håpe at det framleis er eit fleirtal på Stortinget for å sjå på Posten som ein viktig del av infrastrukturen som knyter landet vårt saman, seier Hetland.

Han understrekar at det meste av inntektene til lokalavisene framleis er på papir og at det ikkje er postomdelinga som skal avgjera digitaliseringa.

– Mange aviser ser nettopp på helgeutgåvene som viktige og desse avisutgåvene er dei siste som blir kutta. Dette er difor eit særs uheldig signal i ei tid det avisene har nok utfordringar å hanskast med, seier Hetland, som lovar at LLA skal stå på barrikadene for å oppretthalde laurdagsomdeling.

Både fredags- og laurdagsaviser i fare

Dersom forslaget går gjennom, er det ikkje berre laurdagsavisene som vil bli ramma. Også ein del fredagsaviser som blir distribuert utanfor primærområda til avisene, vil kunna bli liggjande til over helga. I dag kjem desse avisene til postkassane om laurdagane, men desse kan no bli tre dagar gamle før abonnentane får dei på bordet.

Redaktør Øystein Øygarden i Vest-Telemark Blad er mellom dei som er uroa over kva som kan skje med postomberinga. Til Klassekampen i dag seier Øygarden at dei er heilt avhengig av Posten og at avisa ikkje har noko godt alternativt distribusjonsnett.

Vest-Telemark Blad har eit stabilt opplag på rundt 5000 abonnentar, men satsar likevel også digitalt. Likevel trur ikkje Øygarden og Vest-Telemark Blad at nettavisa vil vera nokon redning dersom Posten sluttar å gå med avisene laurdagen.

– Vi meiner lesarane skal få velja sjølv om dei skal lesa avisa på nett eller papir. Dessutan er laurdagsavisa eit veldig viktig fundament for oss, seier redaktør Øystein Øygarden til Klassekampen.

Også Amedia seier til avisa at regjeringa sitt forslag kan få dramatiske konsekvensar for fleire av konsernet sine nesten 80 aviser:

– Dette kjem på toppen av andre deler av den statlege mediepolitikken som påverkar mediene i ein svært negativ retning. Dette skjer i ein bransje som alt er under svært hardt press, seier Amedia sin kommunikasjonsdirektør Stig Finslo til Klassekampen.

Les heile artikkelen på Klassekampen sine nettsider.

Regjeringa har sendt ut forslaget på høyring. LLA og andre vil koma med høyringsuttale i løpet av januar. Du kan lesa meir om forslaget på Samferdselsdepartementet sine nettsider.

Torsdag ettermiddag hadde NRK eit innslag og ein debatt om postsaka i Her og Nå. Høyr på innslaga på NRKs nettsider (innslaget kjem rundt 30 sekundar ut i opptaket…).

For meir informasjon eller kommentarar frå LLA:

Rune Hetland, generalsekretær i LLA, rune()lla.no, mobil 452 89 444.

postkasse

Det kan bli slutt på aviser og post om laurdagane. Illustrasjonsfoto: Colourbox.no