Avisbidrag i bøtter og spann

Sist veke strøymde det på med konkurransebidrag og påmeldingar til LLAs landsmøte. Fristen for å bli med i aviskonkurransane er no over, men vi tar med glede fortsatt i mot etterpåmeldingar til landsmøtet.

 Lene-lm-konk

Her ser du kva Lene Østberg i LLA-sekretariatet gledde seg over forrige måndag: Røde esker frå Posten betyr enda fleire bidrag til Årets lokalavis og dei andre lokalaviskonkurransane som LLA står bak. Fram mot landsmøtet i Bergen skal juryane jobba seg gjennom store bunkar med aviser, bilder og markedsbidrag.

– Dette er eit av høgdepunkta for oss som arbeider i LLA. Å ta i mot konkurransebidrag og forbereda årets landsmøte er blant det som gjer kvardagane våre gode, seier organisasjonssekretær Lene Østberg.

LLA gler seg over mange konkurransebidrag og landsmøtepåmeldingar. Alt ligg no til rettes for at dei som kjem til Bergen i slutten av mars får hyggelege og spennande dagar.

– Juryarbeidet startar denne veka, seier Østberg.

Vi tar sjølvsagt i mot etterpåmeldingar til landsmøtet eit par veker til, men dersom du skal sikra deg plass på landsmøtehotellet, må vi ha eventuelle etterpåmeldingar i desse dagar.

Sjå landsmøtesidene for meir informasjon og påmeldingsskjema.