A-pressen tar over Edda

A-pressen har no overtatt Edda Media, etter at Konkurransetilsynet har godkjent oppkjøpet på visse vilkår.

A-pressen sin konsernsjef Thor Gjermund Eriksen fortalte om oppkjøpet på ein pressekonferanse i desember.

 

Så sant Demokraten i Fredrikstad og Varden eller Telemarksavisa i Skien blir selde, godkjenner altså Konkurransetilsynet at A-pressen kjøper Edda Media.

Demokraten blei nyleg seld til Agderposten og Tanke Media, medan A-pressen framleis arbeider med eit sal av Varden. 

Oppgjer for aksjene er derfor alt overført til Mecom – og nye A-pressen kan no telja nesten 90 papiraviser og over 70 nettaviser. Etter overtakinga vil A-pressen omsetja for 5,7 milliardar kroner og ha 3700 tilsette. Samla opplag for avisene er rundt 650.000.

Ei samanslåing av A-pressen og Edda Media er framleis til handsaming i Medietilsynet.  Det er venta at tilsynet kjem med eit vedtak i løpet av juli.

Sjå også fleire saker om oppkjøpet:

Kampanje

Journalisten

A-pressen