A-pressen får kjøpa Edda Media

Medietilsynet har i dag godkjent A-pressen sitt kjøp av Edda Media.

Med godkjenninga frå Medietilsynet kan A-pressen no gå i gong med å slå saman Edda Media og A-pressen til eitt aviskonsern. Når «nye» A-pressen er på plass, vil konsernet mellom anna ha 71 aviser og ytterlegare 10 reine nettaviser under paraplyen sin.

På vegen hit må A-pressen selja eit knippe lokalaviser i dei to medieregionane Østviken og Vestviken. Ut av A-pressen må mellom anna tre LLA-aviser; Enebakk Avis, Ås Avis og Vestby Avis.

Sjå artiklar om denne saka på Medietilsynet og A-pressen sine nettsider.