Dag-og-Tid-fekk-Fritt-Ords-pris-forside

Dag og Tid tok imot Fritt Ords Pris

Dag og Tid vart måndag kveld tildelt Fritt Ords Pris i operaen i Oslo. Avisa fekk prisen for å skape grundig og seriøs journalistikk, setje sine eigne dagsordenar og vere eit raust rom for særs ulike røyster.

Dag-og-Tid-fekk-Fritt-Ords-pris

FÅR PRIS: Redaktør Svein Gjerdåker vart tildelt prisen av Fritt Ords styreleiar Grete Brochmann.

– Bladet speglar og diskuterer spenningar, friksjonar og konfliktar, og gir ofte eit motstridande inntrykk. Interessa for det motsetningsfylte er skjerpande og utvidande for oss lesarar. Dag og Tid er truleg ei av våre sterkaste kommentatoraviser med uredde og særprega stemmer – ofte på tvers av det rådande meiningsfeltet, sa styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann, i sin tale under prisutdelinga.

Redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid oppmoda andre aviser om å hugse kva mandat dei har:

– Tenk alltid, kvar dag, i kvar artikkel du skriv og kvar artikkel du redigerer, at du representerer den fjerde statsmakta. Du representerer ikkje fyrst og fremst konsernet, botnlina eller opplagstala. Men du er ein viktig lekk i det mauraktige arbeidet for å sikra demokratiet vårt. Det er det som er mandatet vårt, sa redaktøren då han tok imot prisen.

Her kan du lese heile talen til Svein Gjerdåker.

Fritt Ords Pris er høgste utmerkinga til stiftinga. Den årlege prisen er på 400 000 kroner. Med prisen følgjer Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas.

LLA-medlemen Dag og Tid har kome ut sidan 1962. Dag og Tid er den einaste riksdekkjande nynorskavisa. Avisa legg særleg stor vekt på stoff om kultur og politikk. Den første redaktøren var Arthur Klæbo. Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør. Opplaget er nær dobla i same perioden, i 2016 var netto opplagstal på 11 211 eksemplar. Vekeavisa har kring 40 000 lesarar. Dag og Tid er eigd av om lag 1000 aksjonærar.  Selskapet driv òg forlagsverksemd i mindre omfang. Kjende namn i Dag og Tid-spaltene har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Jon Hustad og Agnes Ravatn.