3 gode tall

3 gode grunnar for å vere med i LLA

Landslaget for lokalaviser (LLA) er interesseorganisasjonen for over 100 av lokalavisene i Norge. I vår nye brosjyre får du dei tre viktigste grunnane for å vere med i LLA.

3 gode alt

I den vesle trykksaken kan du også lesa kva avisene sjølve seier om oss. Brosjyren kan du bestilla frå lla()lla.no eller du kan lasta den ned som pdf-fil her:

LLA folder 2014

I all beskjedenhet legg vi også ut mesteparten av teksten her og no. Slik gjer vi livet til lokalavisene enklare og betre:

1: Rammevilkår

Ingen arbeider så mykje for å betre rammevilkåra til lokalavisene som det vi gjer i LLA! I 1990 fekk vi innført produksjonstilskot for vekeavisene. Vi stod bak etableringsstøtte for alle nye lokalaviser frå 1994, og seinare ekstra tilskot til aviser med under 4000 i opplag. Både før og etter dette har vi greidd å auke produksjonsstøtta fleire gonger. Og ikkje minst; lokalavisene si kraftige statusheving er kanskje det aller viktigaste LLA har oppnådd.

I dag kjempar vi nye kampar om null-moms, pressestøtte, postdistribusjon og andre vilkår som må vere så gode som mogleg. Fordi lokalavisene står saman, og fordi LLA talar eit tydeleg språk om lokalavisene sine behov, høyrer politikarane og andre beslutningstakarar på oss.

2: Marknad

Fordi kampen om annonsekronene stadig blir tøffare, må lokalavisene vere synlege overfor lokale og nasjonale annonsørar. Dette hjelper LLA til med. Vi viser fram lokalavisene, slik at mediebyråa og annonsørane opnar augo enda meir for kvalitetane til lokalavisene. I tillegg lagar vi marknadssamlingar, praktiske verktøy og eigenannonsar til avisene – og vi legg til rette for idé- og erfaringsutveksling. Er avisa di med i LLA, får du fleire nye idear å arbeide vidare med i din eigen annonsemarknad.

LLA har også samarbeidsavtalar med utvalde leverandørar. Nyttar avisa di innkjøpsavtalane våre, både sparer, og tener avisa di meir pengar!

3: Kurs, kompetanse og rådgjeving

Gjennom Landslaget for lokalaviser får du fagleg påfyll, nye idear og inspirasjon. Vi har praktiske fagkurs tilpassa kvardagen i lokalavisene. Vi driv ein idébank, der du finn gode døme frå medlemsavisene. I idébanken får både journalistane, redaktørane og marknadsmedarbeidarane nyttige tips som kan tilpassast eige lokalsamfunn og eiga avis. Dette kompetansearbeidet toppar vi med landsmøtet vårt. I april møtest rundt 300 avismedarbeidarar til det årlege høgdepunktet for lokalavisene. Etter eit par dagar med spennande foredrag, kurs, kulturinnslag og gjeve prisutdelingar, reiser du heim til din eigen kvardag med ny inspirasjon og ny kunnskap.

Å dele idear og kunnskap er noko av det som pregar LLA-familien mest. På tvers av historie, eigarskap og kommunegrenser, flyt ideane og kunnskapen mellom avisene.

LLA er til for lokalavisene. Vi gjer både dei langsiktige rammevilkåra – og den praktiske kvardagen til lokalavisene – så god som mogleg. Vi set derfor stor pris på å ha over 100 lokalaviser med i avisfamilien vår.

Her ser du kva fire av avisene våre seier om LLA. Øvrige sitat finn du i brosjyren:

“Å vere med i LLA betyr at me i Bø blad blir del av ein større samanheng der me kan finne likesinna å dele erfaringar med. Det er inspirerande å møte kollegaer frå heile landet som møter dei same utfordringane som oss, og som villig deler på løysingar og gode idear som me kan jobbe vidare med lokalt.”

Bø blad, Hilde Eika Nesje, redaktør og dagleg leiar

“LLA ivaretar de minste lokalavisene i landet på en meget god måte. LLA er vårt talerør inn til sentrale myndigheter når det gjelder pressepolitikk, og bidrar til økt kompetanse hos våre ansatte gjennom kurs og samlinger.”

Enebakk Avis, Gunnleik Seierstad, redaktør og dagleg leiar

“Steinkjer-Avisa har vært LLA-medlem i alle år, og har hatt god nytte av medlemskapet, ikke minst på grunn av den faglige delen i form av markedssamlinger. LLAs nyhetsbrev med redaksjonelle ideer har vi også hatt god nytte av, og vi har alltid forsøkt å få med oss landsmøtene der vi treffer hundrevis av kollegaer og får et godt innsyn i hvordan andre aviser driver. Vi vet at LLAs arbeid opp mot myndighetene når det gjelder mediepolitikk er veldig viktig for avismangfoldet i landet vårt. Denne familien vil vi være en del av – her føler vi samhørighet og har en kanal hvor vi kan høste og dele erfaringer!”

Steinkjer-Avisa, Odd Birger Grønli, redaktør og Marianne Viem, markedskonsulent

“LLA er ein organisasjon som både møter og utfordrar lokalaviser i kvardagen. Gjennom kurstilbod, eit godt fagleg nettverk og praktisk hjelp framstår LLA for meg som den mest relevante sparringpartnaren blant paraplyorganisasjonane i medie-Norge.”

Strilen, Stig Erik Elliott, redaktør

Ta kontakt med oss dersom du vil vita meir om LLA:

Sentralbord: 452 89 111

E-post: lla()lla.no