LLAs markedssider

Her finn du først litt generell informasjon om lokalavisa som mediekanal. Lengre nede på desse sidene finn LLA sine medlemsaviser informasjon om ymse markedstiltak, mellom anna om  treningsvideoar om salgsarbeid – og om LLA si markedsavisa.

Dersom du er på jakt etter eigenannonser til avisa di, finner du ein link til høgre; eigenannonsar.

nær

Lokalavisa er nær slik ordet opphavleg er meint; Lokalavisa er nær lesarane, forbrukarane og marknaden din nettopp fordi avisa kjem ut der folk bur og lever. I tillegg står lokalavisa folk nær. Ho er som regel betalt og bestilt eit heilt år på førehand, og difor er lokalavisa ønskt velkomen inn i heimen til folk kvar veke året gjennom. Det er veldig bra for deg som vil koma i kontakt med kundar.

kjær

Fordi lokalavisa står folk så nær, er ho også blitt ein kjær del av livet til folk. Avisa har ofte notisar om nye born som kjem til verda. Seinare i livet følgjer lokalavisa opp oppvekstvilkåra til born og ungdom, skulegang og fritidsaktivitetar. Kulturlivet, lagslivet og lokalpolitikk som betyr noko for ungdom, får ofte spalteplass i lokalavisa. Når born og ungdom blir vaksne, står lokalavisa framleis ved deira side. Lokalavisa byr på viktige nyhende, nyttige annonsar og spennande debattar. Avisa følgjer med på kva som hender mellom slekt, vener og kjente i lokalmiljøet ditt. Slik er lokalavisa blitt både nær og kjær.

Nettopp på grunn av denne nærleiken og kjærleiken, er lokalavisa ein svært nyttig mediekanal for deg som ønskjer større merksemd eller omsetnad. Her får du nokre ord til på vegen frå oss:

truverdig

Fordi lokalavisa blir rekna som truverdig, kjem bodskapen i annonsane i eit truverdig miljø. Det er sjølvsagt bra for deg som annonserer i lokalavisa; bodskapen står fram som truverdig.

merksemd

I lokalavisene blir også annonsane lagt godt merke til, kanskje fordi dei fleste les heile avisa – i ro og fred. Slik kjem bodskapen din fram til dei som du faktisk ønskjer å nå.

respons

Det aller viktigaste er sjølvsagt at marknadsføringa di får respons og fører til handling. Det gjer ofte annonsane i lokalavisa! Annonsane i lokalavisa er rett og slett nyttige for deg.

lønsamt

Dersom du planlegg aktivitetane dine tidleg, blir marknadsføringa di enda meir lønsam. Bruk lokalavisa di både som rådgjevar, samtalepartnar og mediekanal.

Ta gjerne kontakt med oss i Landslaget for lokalaviser for å få enda meir informasjon om lokalavisene: Geir K. Hus, markeds- og informasjonssjef i LLA, geir()lla.no, dir. tlf. 452 89 333.

 

Salgsvideo ill

Inspirasjons- og treningsvideoar om salgsarbeid

Har du lyst til å trena litt på salgsarbeid akkurat når det passar deg? Vil du ha ein liten og jevnlig porsjon med oppfriskning om gode kundemøter? I så fall trur og håper vi at Euro Business School (EBS) sin opplæringsportal på nett er eit godt supplement til LLA sine tradisjonelle salgs- og markedssamlingar. Gjennom vårt nye samarbeid med EBS kan markedsmedarbeidarar i LLAs medlemsaviser ta turen inn på EBS sine nettsider for å sjå videosnuttar om salgsarbeid – så mykje du vil og når det passar deg best. Til dømes kan det vera lurt å sjå ein kort videosnutt om salg og kundekontakt når du begynner på ei ny veke på jobb? 

Dersom du teiknar eit abonnement på tilbodet no, kan du sjå på inspirasjons- og treningsvideoane så mykje du vil fram til 1. mars 2014.

Vi trur tilbodet passar godt både for dei av dykk som arbeider heilt aleine med salgsarbeidet, men også for dei av dykk som er fleire i markedsavdelinga.

Last ned vårt informasjonsark og betingelser om salgsvideoane her:

LLA salgsvideoer

 

Bestill adgang til EBS sin opplæringsportal her.

 

 

LLA med avis om lokalavisene:

Minn annonsørene dine om at det er nyttig å bruke lokalavisa

LLA har laget en avis om hvordan lokalavisene kan bidra til mer klingende mynt i kassaapparatene til lokale kremmere. Over 12 sider forteller vi om hvordan livet leves lokalt og om hvorfor lokalavisenes papirutgaver fortsatt er meget nyttige for folk som skal selge en vare eller tjeneste. Avisen er lettlest – og vi avrunder med at lokale annonsører bør bruke lokalavisa som samtalepartner og mediekanal. Avisa tilbys både på nynorsk og bokmål.

Du bør gi eller sende en håndfull aviser til så mange av annonsørene dine som mulig.  

Hvis du har behov for å se avisa, kan du laste ned en lavoppløselig pdf-fil av avisa her: LLAs markedsavis. Nynorsk-varianten blir heilt lik. Last den ned her for å se: marknadsavisa nynorsk

Markedsavisa er sendt til de som forhåndsbestilte, men vi trykte noe ekstra eksemplarer som vi har for etterbestillinger. 

Den årlige markedskontigenten til LLA dekker de fleste utgiftene, men vi vil gjerne ha 500 kroner eks mva for porto og ekspedisjon, uansett om du bestiller 50 eller 100 eksemplarer. Send en epost til geir()lla.no dersom du vil bestille.

Vi har også laget en annonseserie over samme lest, som avisa di kan trykke hvis du har lyst. Du finner annonsene under “egenannonser”, oppe til høyre på disse nettsidene.

Samtidig som lokalavisene bruker markedsavisa og egenannonsene lokalt, deler vi i LLA ut den nye markedsavisa til mediebyrå, reklamebyrå og kjedekontor – alt for å vise at lokalavisa fortsatt er en meget attraktiv mediekanal! 

 

 

Markedsprishefte til inspirasjon

Til forrige landsmøte laga vi eit hefte med innsendte bidrag til markedspris-konkurransen. Heftet er ei skattkiste med gode annonse- og abonnementstiltak i lokalavisene dei siste sju åra.

Alle LLA-aviser skal ha fått eitt eksemplar kvar. Dei av dykk som var i Kristiansand, tok truleg med seg dykkar eksemplar. Øvrige aviser skal ha fått sitt eksemplar med Posten.

Dersom nokon ikkje har fått markedsheftet, eller de ønskjer eit ekstra eksemplar til avisa, ettersender vi frå restlageret så lenge vi har. Send i så fall ein epost til geir()lla.no

Uansett vonar vi du blir inspirert av heftet. Lukke til vidare med marknadsarbeidet i avisa di.

 

 

Egenannonsar

LLA har for tida fleire kampanjar til fri bruk for medlemsavisene:

ANNONSER OM Å ANNONSERA I LOKALAVISA: Ein ny serie på seks heilsider som fortel lokale kremmarar at det er nyttig å bruka lokalavisa også til neste år. Serien kan gjerne kombinerast med å dela ut den nye markedsavisa til LLA.

OPPDATERTE LOKALAVISANNONSER: Om lokalavisene si rolle, og oppfordring til lesarane og annonsørane om å bruka lokalavisa heile året.

SOMMARHANDEL: Annonsørane bør bruka lokalavisene minst like mykje om sommaren som elles i året. Denne bodskapen kjem fram i LLAs sommarkampanje.

Hent ned eigenannonsane frå “eigenannonsar” til høgre på desse nettsidene.

 

LLAs markedssamlingar

Det siste året har gode markedsmedarbeidarar i LLA-familien jobba saman minst tre gonger; LLA markedssamling på Losby Gods i januar, landsmøtet i Kristiansand i april og på opplagssamlinga på Københavnbåten i august, der vi mellom anna laga eit LLAs opplagshefte med gode praktiske idear. I 2013 byr vi mellom anna på følgjande møtestader:

LLAs landsmøte i Lofoten: Vi går om bord i Hurtigruten torsdag 25. april og seglar då til Stamsund og Svolvær. Vi satsar på eit attraktivt program også for markedsmedarbeidarar i avisa.  Sjekk landsmøteinformasjonen her.

LLAs markedssamling på Losby Gods: I 2013 satsar vi på sommar i staden for vinter – og legg derfor årets markedssamling til torsdag 29. og fredag 30. august. På idéblokka vår står mellom anna avis- og annonsørbesøk, men vi tar gjerne i mot innspel i tida frametter. Send nokre ord til geir()lla.no.

Dersom du vil lasta ned markedsplanen som vi laga på forrige Losby-samling, kan du henta den her: Losby-hefte A4