Årets møteplass

 LM-hotel

Det blir deltaker-rekord på landsmøtet for lokalavisene! 350 avismedarbeidarar frå store deler av Norge har meldt seg på årets høgdepunkt for lokalavisene; LLAs landsmøte 2014. Når vi møtes i Bergen i slutten av mars er det levande lokalsamfunn og eit godt innhald i ei god innpakning som ventar avisfolk som vil ha ny kunnskap og ny inspirasjon.

Den offisielle landsmøteopninga er fredag 28. mars klokka 10.30 på Radisson Blu Royal Hotell, Bryggen i Bergen. Under opninga deltar statssekretær Knut Olav Åmås i Kulturdepartementet. Eit av Norges nye unge songtalent, Lydia Hoen Tjore, står for kulturinnslaget. Deretter går det slag i slag med fellesforedrag, parallellsesjonar, prisutdelingar og andre opplevingar. Sjølvsagt får vi etterkvart også ein god smakebit av Bergen by. Innimellom alt saman får du med deg kanskje noko av det som er aller mest verdifullt; samvær, erfaringsutveksling og idéskaping saman med aviskolleger frå store deler av Norge. Det er på LLAs landsmøte lokalavisfolk knyter kontaktar, får ny kunnskap, idear og ikkje minst inspirasjon til nye kvardagar. 

Nytt i år er at vi om fredagen slår saman det redaksjonelle sporet med eit symposium om Public Journalism og levande lokalsamfunn – som også er open for folk i universitetsmiljøet. Saman med spennande foredragshaldarar, LLAs egne pilotaviser, studentar, professorar og lokalavisene sjølve skal vi om fredagen jobba med god og inkluderande journalistikk og velfungerande lokaldemokrati.

Også du som arbeider med marked og teknikk vil finna eit landsmøteinnhald som vonaleg vil gi nye perspektiv, praktisk nytte og inspirasjon. Delvis får du med deg gode foredrag, delvis gode døme frå lokalavisene sin eigen kvardag.

For alle blir første dagen mest om innhald og utføring, andre dagen meir om innpakning. Kveldane krydrar vi med prisutdelingar og kulturinnslag. Lørdagskvelden blir leia av Søstrene Trætteberg, toppa med kåringa av Årets lokalavis og avslutta med Herr Nilsson.

Vi ønskjer deg og dine velkomen til Bergen.

Beste helsing styret og sekretariatet i Landslaget for lokalaviser

 

Bryggen

 

Oppdatert program

 

PS! Vi gjer av og til mindre justeringar i programmet; blant anna begynner det formelle årsmøtet torsdagen og fellesopninga lørdagen litt tidlegare enn opprinneleg tenkt. Ytterlegare mindre endringar kan  koma i tida fram til landsmøtet.

 

Dagen før dagen; torsdag 27. mars

12.00: Lunsj og deretter leiarsamling, med Andreas Thorsheim, adm. dir. i Bergens Tidende

17.30: Formelt årsmøte i Landslaget for lokalaviser

20.00: Middag og sosialt samvær på ”Sjøstuen” på landsmøtehotellet (for alle deltakarar som kjem torsdagen)

 

lydiahoentjore

Landsmøtedag I; fredag 28. mars

09.30: Innsjekk, registrering og kaffe på Radisson Blu Royal Hotell, Bryggen

10.30: Offisiell landsmøteopning med statssekretær Knut Olav Åmås (bildet under), styreleiar Ståle Melhus, analysesjef Anne Jacobsen i Amedia og sopran Lydia Hoen Tjore (bildet over). Programleiar: Per Vidar Raunholm, NRK Hordaland/Norge i dag

Åmås

12.00: Tre parallelle faglege sesjonar/kurs;

Redaksjonelt symposium, om Public Journalism og levande lokalsamfunn. Med blant anna Petter Beckman, sjefredaktør i Södra Sidan, Frans Blok, Dichtbij.nl, Espen Reiss Mathiesen, Universitetet i Stavanger, Lars Arve Røssland, Universitetet i Bergen og LLAs egne pilotaviser. Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum (bildet under), vil oppsummera seminaret og spesielt peka på presseetiske utfordringar i Public Journalism-arbeidet.

Frans-Blok

Kjersti_Loken

 

Marked, om annonsesalg, samarbeid med kundane og lokale annonsecases. Med blant anna Karsten Refsdal, BTs produktsjef, Camilla Schütz, daglig leder i Salgs- og reklameforeningen, og egne lokalaviser.

Teknisk work-shop, om bildebehandling. Med Helge-John Hildershavn i Palografen.

 

13.30: Lunsj

 

14.30: Tre parallelle faglege sesjonar/kurs held fram; 

redaksjonelt symposium, marked og teknisk work-shop

 

19.30: Utdeling av markedsprisen og journalistprisen, middag og quiz.

 

Jonas-portrett

Landsmøtedag II; laurdag 29. mars

09.30: Motivator Trond Haukedal om nærhet, arbeidsglede og kvardagen i lokalavisa. Haukedal er ein av Norges beste på sitt område, har gitt ut fleire bøker og har sjølv jobba i avis. Kulturinnslag med Violett Hill.

10.15: Fotograf Jonas Bendiksen (bildet over) om gode pressebilder og om å gjera det enkelt. Bendiksen reiser verden rundt for Magnum og National Geographic. Sist vinter hospiterte han i lokalavis på Helgelandskysten. I Bergen fortel han om arbeidsfilosofien og pressebildene sine. Bendiksen deler også ut prisen for Årets lokalavisfoto.

rogerBuch

11.30: To parallelle faglege sesjonar/kurs:

Redaksjonelt; Levande lokalsamfunn, cases og foredrag, med blant anna Helge André Njåstad, leiar i Stortingets Kommunal- og forvaltningskomite, Roger Buch (bildet over), forskningssjef ved Danmarks Medie- og Journalisthøgskole og Frank Aarebrot, professor ved Universitetet i Bergen

 

Marked & teknisk; design av gode annonser – i papiravisa. Med Torill Mathiesen og Frode Haugland Pedersen i BT Reklame

 

13.00: Lunsj

14.00: To parallelle faglege sesjonar/kurs held fram:

Redaksjonelt; Levande lokalsamfunn; gruppearbeid med lokalavisene sjølve

Marked & teknisk; design av gode annonser – i nettavisa. Med Torill Mathiesen og Frode Haugland Pedersen i BT Reklame

 

15.00: Vi opplever Bergen by. Velg ett av fire alternativ:

1) Varg Veums Bergen; by-vandring som avsluttes i ”Femte I Andre”

2) Ulriken; fottur eller taubane opp til Ulriken 643 m.o.h & taubane ned att 

3) Hanseatisk senter på Bryggen; ei reise tilbake i tid. Mulighet for egentid i byen etterpå, for eksempel til shopping…

4) Akvariet; Med MF Beffen over Vågen til omvisning på Akvariet. Mulighet for egentid i byen etterpå, for eksempel til shopping…

 

 Trettebergfoto

19.30: Festmiddag og prisutdelingar. Søstrene Trætteberg (over) leiar kvelden og har kulturinnslag. Etter middagen blir det konsert og dans med Herr Nilsson (under). Pent antrekk.

NILSSON

Har du gløymt å melda deg eller nokon av dine kolleger på? Vi har no tatt bort påmeldingslinken, men så lenge vi har hotelrom att, tar vi gjerne i mot etterpåmeldingar. Send i så fall ein epost til Lene Østberg i LLA: lene()lla.no

Landsmøtepriser 2014

 

Her kan du lasta ned linkar til eit utvalg transportselskap som kan ta deg til Bergen:

Linkar til transportselskap

 

Hjarteleg på gjensyn i Bergen.