LLAs landsmøte mars 2017

 

Som du ser i deltakarlista under her, og i denne vesle videosnutten frå lokalavisa Frostingen, er det mange i lokalavisene som gler seg til fredag 24. mars. Då er det offisiell landsmøteopning på Scandic Maritim Hotel i Haugesund og samtidig er det då duka for eit par heftige og inspirerande døgn på Vestlandet: Vi byr på oppdatert kunnskap, debattar, erfaringsutveksling, spennande aviskonkurransar, flotte kulturinnslag og ikkje minst avisprat og idéutveksling døgnet rundt. Ei langhelg i Haugesund med gode avisvenner gir fagleg påfyll og inspirasjon som varer i minst eitt år!

Vi takkar alle som – så langt – har meldt seg på landsmøtet i Haugesund. Kven det er, kan du altså sjå her:

LLAs landsmøte forelopig deltakerliste

Dersom du saknar ditt eige navn, er du velkomen til å gjere noko med det i dag! Landsmøtehotellet får første oversikt av oss i desse dagar, men for all del; du og dine kollegaer er framleis hjarteleg velkomen til å melde dykk på. Påmeldingslinken blir liggande her eit par veker til, men skal du sikre deg rom på sjølve landsmøtehotellet, bør du altså snart melde deg på.

Trykk her for å få opp påmeldingslinken. Prislista finn du lengre ned her på LLAs landsmøtesider.

Fristen for å delta i årets aviskonkurransar er strengt tatt over, men vi bruker nokre dagar på å sortere alle bidrag. Dersom avisa di ikkje rakk å sende inn bidrag før helga, så gjer det i løpet av det neste døgnet. Trykk her for å kome til nettsida der du skal sende inn alle bidrag elektronisk.

scott

Foto: Scott Sporleder, FjordNorway

Her er foreløpig program for LLAs landsmøte:

I Haugesund får du får ein god kombinasjon av faglig gode og praktiske foredrag – der dei fleste skal handle om innhaldet i avisene – kombinert med idear og inspirerande cases som vi trur du vil ha praktisk nytte av i eigen kvardag. Også i år byr vi på mange parallelle mini-foredrag, der du sjølv velger kva du vil få med deg. Det kan derfor vere smart å ha fleire deltakarar frå samme avis med på landsmøtet, så kan de fordele dykk utover på ulike foredrag.

Dagen før dagen: Torsdag 23. mars

11.30: Lunsj, og frå 12.30; Leiarsamling og kurs i ansettelsespolitikk og arbeidsrett. Med Iselin Bauer Seeberg, advokatselskapet Haavind, og éi av LLAs eigne lokalaviser

16.30: Formelt årsmøte i Landslaget for lokalaviser og generalforsamling i Lokalavissamkjøringa landet rundt AS

20.00: Middag for alle som kjem dagen før dagen

Landsmøtedag I: Fredag 24. mars

Frå klokka 10.00: Registrering, kaffi, mingling, leverandørbesøk, avisprat og avisbord

11.15: Dørene til plenumssalen åpnes

esthermoesuldalspostenbengt_enganhildeboKnut Netland - Portrett

11.30: Offisiell landsmøteopning og plenumsforedrag: Kulturinnslag, styreleiar Roar V. Osmundsen, intro-foredrag med blant anna Bengt Engan (bildet), Universitetet Nord, og debatt om kva fornya pressepolitikk betyr for innhaldet i avisene og for lesarane og annonsørane våre. I debatten deltar mellom anna Hilde Eika Nesje (til høgre) og andre frå mediestøtteutvalget, Suldalspostens redaktør Esther Moe (til venstre) og eit par avislesarar. Programleiar er Knut Netland i TV Haugaland (bildet til høgre).

13.00: Lunsj, leverandørbesøk og avisprat rundt avisbordet

14.30: Parallelle mini-foredrag resten av dagen. 20 minuttars praktiske drop-in-foredrag for alle avismedarbeidarar; redaksjon, marked, opplag og teknisk. Du kan velge 4 av følgjande foredrag:

  • Slik dekker vi kommunestyremøtene
  • Slik kan vi hjelpe annonsekundane med alt dei vil ha! v/ Anne Fredriksen i Etne senter, Anne Berit Amdal i Strandbuen og Arve Skogen i Grannar
  • Slik bruker du offentlighetsloven for innsyn v/ bl. a. Esben Hesjedal, Vaksdalposten
  • Slik får du tak i fleire abonnentar, v/ Christian Samuelsen, Klassekampen
  • Dette vil lesarane ha og slik bør vi lage sakene, v/ Jostein Larsen Østring, Amedia
  • Adobe CC Libraries; ein ny måte å jobbe på, v/ Helge John Hildershavn, X Office
  • Slik løyser du vanskelege barnevernssaker i lokalsamfunnet
  • Slik skal vi dokumentere at lokalavisannonsar har effekt for annonsørane våre og dette er eigenskapane også til våre konkurrentar, v/ LLA
  • Slik kan vi og annonsekundane våre bruke Facebook
  • Slik fronter vi sakene i sosiale medier
  • Derfor abonnerer eg ikkje på lokalavisa!
  • Slik brekker vi tiltalande avissider

19.00: Aperitif og prisutdelingar på landsmøtehotellet

19.30: Mat på Høvleriet. «LLA-bandet» (bildet) gjer comeback: Torstein Oliversen i Solabladet, Elin Moen Karlsen og Holger Austvoll i Strandbuen og våre tidlegare aviskollegaer Svein Ragnar Myklebust, Henning Haugen og Ivar Roda gir oss ein time med trøkk. I løpet av kvelden får vi også sjå andre i LLA-familien som har talent vi kanskje ikkje visste om…

LLAbandet på Høvleriet

Landsmøtedag II: Lørdag 25. mars

Frå klokka 09.00: Mingling, leverandørbesøk, avisprat, kaffi og avisbord

09.45: Dørene til plenumssalen åpnes

marte-rommetveit

10.00: Landsmøteopning og plenumsforedrag, dag 2: Kulturinnslag v/ Linda Engan i Saltenposten, foredrag og samtalar, mellom anna om lokalavisenes dekning av lag og organisasjonar, markedssjef Jørn Holmen i Sandnespostens om markeds- og opplagsarbeidet – og om Tysvær Bygdeblads engasjement og samarbeid med kommunen og lag og organisasjonar. Tysværs ordførar Sigmund Lier deltar saman med annonseansvarlig Gro Lothe og redaktør Alf-Einar Kvalavåg

Programleiar er Marte Rommetveit i NRK Hordaland (bildet over).

12.15: Lunsj, leverandørbesøk og prat rundt avisbordet

hildelindasaltenposten

13.15: Parallelle mini-foredrag; 20 minuttars praktiske drop-in-foredrag for alle avismedarbeidarar; redaksjon, marked, opplag og teknisk. Du kan velge 2 av følgjande foredrag:

  • Kvardagsgraving og vanskelege saker
  • Slik lager vi gode videoinnslag til nettavisa
  • Slik selger to nordlandsdamer lokalavisannonser for 8,5 millionar kroner! v/ Hilde Dypaune og Linda Engan i Saltenposten (bildet over)
  • Slik laget vi ei avis bare med ungdomssaker, v/ Roar V. Osmundsen, Søgne og Songdalen Budstikke (bildet under)
  • Fem viktige sjekkpunkt før avisa sendes til trykkeriet
  • Med på laget; slik lager vi bedre journalistikk om lag og organisasjonar

roar_osmundsen

14.15: Vi tar Norges største og beste gruppebilde!

15.00: Fellestur til Olavskirken på Avaldsnes. Mini-konsert og prisutdeling.

19.30:  Festmiddag med kåring av Årets lokalavis og et spenstig Grand dinner show med Morten Aakre & co.

olavskirken

Lørdag ettermiddag: Olavskirken, mini-konsert og prisutdeling. Foto: Ørjan B. Iversen, visithaugesund.no

Nokre praktiske opplysningar: Også hotellrom reserverer du gjennom påmeldingsskjemaet under her. Reisen din må du sjølv ordne. Dersom du ikkje kjører bil til landsmøtet: Både SAS og Norwegian flyr til Haugesund Lufthavn, ein liten halvtimes busstur unna hotellet. Frå Stavanger- og Bergensområdet er også Kystbussen eit godt alternativ.

Vi håper å få sjå deg og dine kollegaer  seinast fredag 24. mars 2017. Hjarteleg velkomen til Haugesund.

Beste helsing styret og sekretariatet i Landslaget for lokalaviser

Trykk her for å få opp påmeldingslinken.

Prislista for landsmøtet finn du her:

landsmotepriser2017

Sjekk også ut desse videosnuttane, mellom anna med Saltenposten som her fortel kvifor dei deltar på LLAs landsmøte:

Haugesund ill